LESERINNLEGG:

Ei dame som står i en kornåker.
Jenny Klinge.

Feil å gjera raudt kjøtt til ei skyteskive

Publisert

I ein skytekonkurranse ein gong var eg fornøgd med alle tiarane. Skuffelsen var stor då eg omsider oppdaga at eg hadde skote på feil skive.

Nyleg avgått miljødirektør Ellen Hambro skyt på det raude kjøttet og framstiller det som ein klimaversting, i eit intervju i Aftenposten 3. mars. Ho føler sikkert sjølv at ho har treft innertiar. Problemet er berre at også ho presterer å skyte på feil skive.

I iveren etter å skaffe seg poeng, overser dessutan Hambro at det står noko svært viktig bak dette raude kjøttet – noko som òg blir ramma av skotet. Det er norsk matproduksjon, matberedskapen vår og nordmenns helse.

Hambro uttaler at viss ho var diktator, ville ho gått laus på kjøtt - nest etter tungindustrien: «Å spise mindre rødt kjøtt er noe av det aller raskeste og billigste vi kan gjøre for å redusere utslipp.» Ho meiner at det vil spare enorme helseutgifter dersom nordmenn begynner å følge dei nye kosthaldsråda til myndigheitene.

Problemet ligg i manglande grunnlag for påstandane. For dei moderne klima- og helseproblema har akselerert utan at nordmenns inntak av raudt kjøtt har gjort det same. Inntaket av kjøtt fra ku, sau og geit per person har knapt auka sidan 1970-talet. Faktisk lite heilt sidan 1950-talet.

Dette er dei dyra som saman med den verdifulle fisken gjer at vi nordmenn kan overleva her i det kalde nord, i hav- og graslandet Norge. Mesteparten av den lille dyrkamarka vi har er nemleg grasmark.

Det grasbaserte husdyrhaldet har gitt oss ernæringsmessig grunnlag for å bli ein nasjon. På merksnodig vis omdannar desse dyra energien frå graset til kjøtt og mjølk som vi kan blir sterke av og overleve på.

Det raude kjøttet har vore og vil alltid vera ei av dei viktigaste kjeldene til kroppsbygging og overleving her til lands.

Ja, nordmenn har dobla kjøttinntaket sitt sidan 70-talet, men då aller mest ved å eta mykje meir kylling og dels meir svin (dyr som altså ikkje et gras). Kvifor må Hambro og til og med norske helsemyndigheiter stadig gjera kjøttet frå grasbasert husdyrhold til ei skyteskive?

Problemet er at påstandane vil ramme sjølvbergingsevna vår om mange nok trur på dei, når importen i framtida stoppar opp i kortare eller lengre periodar. NIBIO har berekna at om lag 30% av jordbruksarealet går ut av produksjon viss alle nordmenn følger det nye rådet om maks 350 gram raudt kjøtt i uka. Livbergande dyrkamark og beitemark vil i gro igjen i løpet av få år.

Det er grundig misforstått når tungindustri og raudt kjøtt i eitt og same andedrag blir objekt for kraftige skuddsalver. Dyra i det grasbaserte husdyrhaldet er ein del av eit naturleg kretsløp, noko klimagassutslepp fra fossile kjelder ikkje er.

Metan fra kua blir brote ned i atmosfæren i løpet av 12 år som ein del av karbonkretsløpet, medan CO2 frå industri og transport blir verande i hundrevis av år.

Kampen burde heller stå mot eit kosthald som har vorte sterkt prega av ultraprosesserte varer dei siste tiåra. Skal vi få bukt med fedme- og helseproblem, må nordmenn vende tilbake til eit råvarebasert kosthald der vi et oss mette på ordentleg mat. Raudt kjøtt og mjølkeprodukt er nettopp det.

Når Hambro og kosthaldsrådgivarar fyrer laus mot det raude kjøttet, tar det merksemda bort fra viktige årsaker til klima- og helseproblema. Å skyte på feil skive på dette viset rammar dessverre også sjølvbergingsevna vår.

Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet
Næringskomiteen

Powered by Labrador CMS