LESERINNLEGG:
Rovdyr og naudverje
Stortingsrepresentant Geir Inge Lien vil gjere det enklare å skyte store rovdyr i form av naudrett. Temaet er absolutt vanskeleg. Det er vel difor det stadig blir diskutert.
Viss menneskeliv står i fare, så er det opplagt at det finst ein naudrett. Det som det her er tale om er når beitedyr står i fare. Kor langt skal retten til å ta livet av rovdyra strekke seg? Går retten så langt at det siste rovdyret kan avlivast for å berge ein sau? Det er vel ganske opplagd at så langt kan ikkje naudretten strekke seg.
Forvaltingsplan for store rovdyr, vedtatt av rovviltnemnda i region 6, har beiteprioriterte område og rovdyrprioriterte område (Forvaltingsområde for bjørn/jerv/gaupe i forvaltingsplanen). Dei rovdyra som skal vere i regionen vil ein helst ha i rovdyrprioriterte område.
I beiteprioriterte område sitt skadefellingsløyvet laust. Då går det ikkje mange minutta frå rovdyret har tatt ein sau til første jeger er på veg. Føresetnaden er at det i rovdyrprioriterte område ikkje er så enkelt. I rovdyrprioriterte område er det rovdyra som sett føresetnadene. Det er ikkje forbod mot å sende beitedyr inn i rovdyrprioriterte område, men beitebrukarane må då rekne med at det blir tap til rovdyr og meirarbeid for å unngå det.
Tingvoll og Surnadal kommunar er rovdyrprioritert når det gjeld gaupe. 4 familiegruppe er over 20 gauper med ungt og gamalt. Vesentlege område i Sunndalsfjella og Reinheimen er prioritert for jerv. 3 ynglingar utgjer nesten 20 jerv. Det vil merkast i indre delar av Sunndal, Molde, Rauma og Fjord.
Når Lien og andre skapar håp om at beitedyr nærast alltid skal kome heim igjen i live, også når dei blir sleppt i rovdyrprioriterte område, skapar han forventingar som ikkje kan haldast. Det skapar unødig konflikt. For bonden og naturen er det nødvendig å nærme seg dette på ein skikkeleg måte. Sjølv om bonden har verdas viktigaste yrke, er det naturen som gjev grunnlag for at det kan bli noko å bli mett av.
Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal