Kyrkja i Surnadal inviterer til fest:

Barn og voksne i kirka
Det var artig med bli-kjentleik med dyrelyder.

Liv og røre med Noahs Ark og fastelavn

Publisert Sist oppdatert

Tysdag var det liv og røre i Øye kyrkje!

Då var det samla heile 18 2. klassingar for eit nytt trusopplæringstilbod om Noahs Ark. Dei deltok med stor energi, og har snekra på den store båten og måla dyremasker. Historia om Arken fenga og vekte mange spørsmål. Korleis går det an at heile jorda vart oversvømd? Og korleis gjekk det når alle dyra skulle vere saman inni båten?

Til slutt øvde barna på nokre songar som skal syngast i gudstenesta på sundag. Og kor dei song! Foreldre og besteforeldre sat i benkjene med blanke auge og lurte på når det blir starta barnekor i Surnadal.

Barn som maler rundt et langbord inne i kirka.
Full aktivitet ein tysdag ettermiddag i Øye kyrkje.

Karneval på sundag

På sundag 2. mars inviterer kyrkjelyden til familiegudsteneste med karneval i Øye kyrkje klokka 11:00. Der deltek 2. klassingane med forteljing og song om Noah Ark saman med trusopplærar Maria Fiske Eliassen. Organist Amund Valde har med seg band og prost Vidar Rygh har lova å synge dei ulike dyrestemmane i songen om Noah. Det blir også 3 dåp. Etter gudstenesta blir det karneval med aktivitetar for ungane, fastelavnsbollar og kaffe. 

Ta med heile familien, finn fram kostyma og bli med på gudsteneste!

Gudstenesta kan du sjå live ved å klikke her.

Barn som tegner på plankebiter
Barna var ivrige med å tegne fine fjøler til båten.
To gutter som snekrer i kirka
Her snekrer ungane på det som skal verte Noahs ark
Malte dyremasker
Barna lagde dyremasker til dyrene som skal fylle Arken
Powered by Labrador CMS