Prosjekt 17 inviterer:
Julekonsertar i Åsskard og Todalen
Sigrid Vetleseter Bøe, Tor Strand og koret Prosjekt 17 er hovudaktørar under søndagens julekonsertar i Åsskard og Todalen.
Tradisjonen «Vi syng jula inn» blir ivaretatt med kor, solo, instrument og allsong. Etter opning med Alnæs´ klassiske «Julemotett» syng Prosjekt 17 variert musikk for både damekor, mannskor og blandakor. «Stille natt» (Glade jul) blir å høre i 200 år gamle originalsatsar.
Sigrid Bøe er på gamle trakter for å dele juletonar med kjentfolk – søndag i Åsskard og Todalen, neste fredag i Stangvik. Kanskje vil «O helga natt» fylle rommet også denne gong? Etterpå dreg ho heim til Stockholm, der ho både har eigen konsert og er solist på gudstenesta i domkyrkja julaftan.
Også Øystein Moe har solistoppdrag i Åsskard og Todalen. Instrumentalistar er Tove Elin Strand på fløyte, Synnøve Hammervold på fiolin og Tor Strand på orgel og piano.
I allsongen blir forsamlinga innlemma i koret med tilrettelagde satsar på kjende songar.
Før «Deilig er jorden» avsluttar programmet, gir aktørane eit utdrag av Arne Dagsviks flotte kantate «I denne søte juletid».
I Åsskard deltek også Bodil Kvam Aasbø og barnegruppa Amigos med eit lite Lucia-inntog dagen før dagen.
Tidspunkt: Åsskard kl. 16 og Todalen kl. 19.30.