Fasteaksjonen

Innsats for håp
Tysdag 8. april får du sikkert besøk av ein triveleg konfirmant med bøsse! Årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp er felles innsats for håp.
Mottoet «Håp i ein drope vatn» seier det meste: 800 millionar menneske har skrikande behov for nok og skikkeleg vatn – til drikke og mat, hygiene og plantedyrking!
Ved sida av permanent katastrofe-beredskap gjer KN med sitt omfattande nettverk ein kjempeinnsats for å bygge ut vassforsyning i problemområde i Afrika og andre stader.
Og faktisk nyttar det: Gåvene som du gir og som bøsseberarane samlar inn på eit par kveldstimar denne tysdagen, gir bokstaveleg sagt: Håp.

Statistikken seier nemleg at for kvar 300 kr som KN brukar i vassanlegg, får eitt menneske permanent forsyning av reint vatn for resten av livet. Talet er eit tverrsnitt, men fortel sant om kva gåva til Kirkens Nødhjelp betyr. Heile året rundt - men no altså med ein topp under fasteaksjonen.
Vi var med konfirmantar, foreldre og folk frå kyrkja på fredagens pep-talk i Surnadal. Her kom poenget med aksjonen godt fram gjennom filmsnuttar, tal og informasjon - frå diakon Gro Hauge Venås, konfirmantlærar Odd Erik Stendahl og prost Vidar Rygh.
Blikk på fjoråret synte at sokna i Surnadal samla i alt 124.637 kr. Brukt til vassutbygging tilsvarar dette reint vatn livet ut for 415 menneske som før har mangla dette.

Trygge på at konfirmantane, andre innsamlarar og særleg gjevarane yter sin livbergande innsats, legg altså sokna opp til årets dør-til-dør-aksjon «Håp i ein drope vatn».
Og aksjonsleiar Gro Hauge Venås kunne bevitne at bøsseberarane blir mottekne av positive gjevarar som gjerne seier:

- Så bra! Vi har venta på deg!