Unge krefter i kyrkja
Innsats av unge er verd å rose. Som det konfirmantane gjer i søndagens gudstenester.
Fjortenåringane er ein kjemperessurs for kyrkja si. Prestar og sokneråd som gir ungdommane roller og tillit, utløyser oppleving av kreativt fellesskap i ei høgtideleg ramme.
Nok eit bevis fekk vi i Åsskard søndag, der seks konfirmantar prega messa tvers igjennom.
Løyste oppgåvene til fulle
Frå tårnet tona flott samklang - der May Hilde hjelpte Oddvar og Kay med klokkeringinga. Syver tok imot folk med program og salmebok. Ada og Varg fekk numra på tavla.
Gudstenesta vart sendt over kyrkjenettet. Ved kontrollbordet sørga Solvor for at songtekstene vers for vers kom ut til mange titals heimar.
Varg var korsberar under inngangsprosesjonen - der andre bar tekstbok og nattverdelement. Ada og Levion tok seg av evangelielysa da prost Vidar Rygh las preiketeksten.
May Hilde og Syver formidla forbøner i lag med Vidar - samtidig som Ada og Levion tente bønelysa. Alt skape høgtid og andakt.
4-årsboka kom straks til nytte
4-åringane møtte mannjamnt opp for å ta imot «Mi Kyrkjebok» i gåve. Og kva passa da betre enn at ein av dagens tre bibeltekster - alle om hjelp i storm og uver - vart lesen nettopp frå 4-årsboka? Her i fjordbygda er både vind og bårer velkjende fenomen.
Vidar prest fletta forteljingane fint saman og fekk fram at Gud hjelper oss i naud og fare - slik Jesus hjelpte Peter og vennene sine på Genesaretsjøen. Og da kom den gamle skulesalmen til sin rett: «Ein båt i stormen duva, men Jesus var ombord!»
Aktiviteter og fellesskap
Takkofferet gjekk til nettopp å halde soknets mange aktiviter i gang. Deretter vart det feira nattverd - som oftast når det er gudsteneste.
Til slutt var det god stemning i Kyrkjestua, der Jane og Kari serverte duftande bakels og anna godt!