Fire glade barn som viser fram det de har laget på juleverksted.
Fire blide julekunstnarar.

Skaparglede i Kyrkjestua

16 livlege ungar og eit tital vaksne fylte Kyrkjestua i Åsskard på hobbykvelden torsdag. Stemninga var god, og masse fin julepynt vart skapt av små og store hender.

Publisert

Her tegna, farga, klipte og lima dei julelenkjer, kort, nissar og englar. Her dekorerte dei sylteglas til flotte lysestakar.

Spesialist Gerd Anny hadde med avansert utstyr og viste korleis kunstkort kan lagast - med motiv av alle slag. Eva og Randi instruerte også i mangfaldet av aktiviteter. Og foreldre deltok med liv og lyst og stor iderikdom.

Tone Merete, Eva og Svanhild sørga for at kvelden vart avrunda med felles kveldsmåltid. Kakskiv’ med godt pålegg gjekk ned på høgkant - med mjølk, kakao eller saft attåt.

Kyrkja er først og fremst gudstenestehus. Men ho kan også ha fleire funksjonar - kanskje med lågare terskel og andre mulegheter. Ei «kyrkjestue» som i Åsskard opnar for ulike menighetssamver i kreativt fellesskap.

For smårollingar kan vel stua ha større appell enn gudstenesterommet. Ein av kveldens aktørar sa det slik: - Men na der stor’ salen da, ka bruka dem den te?

Høg prosent av den aktuelle aldersgruppa i Åsskard møtte fram - sjøl om det var andre aktivitetstilbod same kveld. Og på heimvegen hadde dei mange sjøllaga, fine produkt å ta med.

Flere barn og voksne rundt et bord på juleverksted.
Store og små i skapande aktivitet.
Ei dame som hjelper noen jenter på juleverksted.
Gerd Anny kan meir enn å kjøre skulebuss.
To jenter som jobber på juleverksted.
- Oj, her var det mykje å prøve seg på!
En liten gutt som viser fram en dorullnisse han har laget.
- Vart ikkje denne fin?
Mange barn og voksne som sitter rundt et stort matbord.
Og så var det bordvers og kveldsmat.

 

Powered by Labrador CMS