Voksne og barn som tenner lys i kirka.
Alltid andektig stemning ved lysgloben.

Livleg kyrkjekveld

Barnas Kyrkjekveld i Åsskard onsdag kolliderte med andre aktiviteter. Oppmøtet var difor mindre enn vanleg denne gongen.

Publisert

Men dei fem som kom, med vaksne attåt, deltok med liv og lyst i eit variert program - leia av Maria Fiske Eliassen og Randi Bøe. 

Som små detektivar utforska ungane kyrkjerommet høgt og lågt på leiting etter bortgjømte skattar. Deretter fortalte Maria om hendingane i påska. Eit par songar vart fletta inn.

Barn som døper ei dokke i ei kirke.
Dokka vart skikkeleg døypt. Namneforslaga var mange, og kva dei landa på, hugsar ikkje fotografen ...
Barn og voksne som sitter på gulvet i ei kirke og prater.
Både mamma Elisabeth og dei fem i gruppa følgde med da Maria fortalte om Jesus og påska.

Artig var det å leike dokkedåp. Og jamen fekk dei lyd i både både kyrkjeklokkene og orgelet! Liv Aurora var «organist» og spela «Lisa gikk til skolen».

Riktig høgtideleg var stunda ved lysgloben, der dei små etter tur tente lys for kvarandre.

I Kyrkjestua serverte Kari Johanne Aarnes saft, frukt og kjeks som avslutning på kyrkjekvelden denne gongen. 

Søndag er det «Gudsteneste for små og store» i Åsskard-kyrkja. Da blir det retteleg barnedåp, meir song og forteljing og - ikkje minst: Da får alle 6-åringane «Mi Kyrkjebok» i gåve.

Ei kirkebok.
Og søndag ventar 6-årsboka på sine nye eigarar ...

 

Powered by Labrador CMS