Flere barn rundt alterringen i ei kirke.
- Det er Jesus! Men kva er vi ser oppfor han? Interessa var stor attmed altartavla.

Livleg kyrkjekveld

Dokkedåp, klokkeklang, litt bibelteater og mykje anna fylte barnekvelden i Åsskardkyrkja tysdag. Gruppa 4-6 år sørga for liv og leik.

Publisert

Program som dette er ledd i trusopplæringa. Mykje kunne dei små frå før. Men noko var nytt – for eksempel at det er dei sjøl som eig kyrkja!

Klokkar Randi, organist Bernt og soknerådets Kari organiserte kvelden. Ei lita dramatisering om da Jesus kom bort for Maria og Josef, skulle liksom vera ny kunnskap. Men nei da: 6-åringane kunne historia på rams – dette hadde dei lært av Inger på skulen! 

Barn som har kledd seg ut og leker i ei kirke.
Maria (Maja, t.v.) og Josef (Sander, t.h.) har funne att Jesus (Olai). Maria kan stryke guten sin over håret. Og alle er glade!

Olai, Maja og Sander laga liv i rollene. Alle leita kyrkja rundt etter den bortkomne  - før dei fann han i «tempelet» fremst i kyrkja. Der var han i lag med prestar og skriftlærde – spela av velvillige vaksne!

Barn som ringer med kirkeklokker.
Her får vi lyd i kyrkjeklokkene!
Flere barn og voksne som står rundt et kirkeorgel.
Orgelet må prøvast!

Å bruke kyrkjeklokkene og orgelet og få døype dokka «Eskil» skapte stemning.

Og biletet av Jesus på altartavla vart livleg kommentert. Ungane visste ein god del om han.

En lysglobe i ei kirke.
Og så har vi – med høgtid og andakt - tent lysa i globen.

Lystenninga i globen, for venner og andre dei tenkte på, var tydeleg ei høgtidsstund. 

Så vart kvelden runda av hos Kari i Kyrkjestua - med frukt, kjeks, kake og saft. Og med fargeleggingsoppgåver av motiv frå kyrkja - eller med eigne tegningar.

Ein fem kvarters kyrkjekveld gjekk fort!

Flere barn og voksne som sitter rundt et stort langbord med mat.
Det smaka godt med mat og frukt etterpå.
Flere barn som sitter rundt et stort bord og tegner.
Med nye ark og fargestifter tel...
Powered by Labrador CMS