Hobbykveld i Åsskard:

Kort og kos
- Triveleg kveld i lag med ein tusenkunstnar! - Dette var sååå koseleg!
Slik oppsummerte deltakarar den kreative hobbykvelden i Åsskard-kyrkja torsdag. Og «tusenkunstnaren» sjøl , Gerd Anny Gjengstø, rosa elevane sine: - Ein ivrig og lærevillig gjeng!

Soknerådet slo eit nytt slag for bruk av Kyrkjestua til sosial aktivitet denne kvelden. Ein arena som dette har alle bygder behov for.
Kunsthandverk
Men kva samlast dei om? Jau – både vanleg tidtrøyte som strikking, hekling, prat og mat - og denne gong ikkje minst: Skapande kunsthandverk. Dei frammøtte fekk lære å laga flotte kort til gratulasjonar og høgtider.
For heile livsløpet
- Ja, du kan kalle meg kort-dekoratør, seier instruktør Gerd Anny Gjengstø. - Eg gler meg over å skape dekorasjonsbilete og pynt til alle slags markeringar. Etter starten for 14-15 år sia har det vorte stor produksjon og stor etterspørsel!
Til fester i familiane har mange fått Gerd Anny til å laga gratulasjonskort. - For heile livsløpet, både til ufødde barn og til 90-årsdagar får eg bestillingar!

Stort spekter
På hobbykvelden i Kyrkjestua instruerte ho i ulike teknikkar for å laga personlege og vakre kort, esker og bilete. - Stempelputer med ulike mønster, akvarellfargar og forskjellig utstyr til klipping og bretting gjer det muleg å få til eit stort spekter av kort-produkt, fortel kunstnaren - som til dagleg kjører skulebuss til og frå Surnadalen.

Hyggeleg torsdagskveld
Attåt litt strikking, hekling, samtalar og ein god kveldsmat var dette «kort-kurset» god bruk av ein vanleg torsdagskveld, tykte deltakarane.
Og leiar Eva Jorid Svendsen og dei andre i Åsskard sokneråd kan slå fast at dette er nok ein fin måte å bruke kyrkja på.