ANNONSE - Åsskard sokneråd melder:

Ei dame som sitter ved et bord og holder et ark i hendene.
- Vi har mykje på kalenderen, men Hyggekvelden må vente til etter jul, seier soknerådsleiar Eva.

Hyggekveld utsett

På haustens kyrkjekalender inviterte Åsskard sokneråd til «Hyggekveld» i Kyrkjestua tysdag 5. november. Den er no utsett.

Leiar Eva Jorid Svendsen og dei andre i soknerådet ivrar for å bruke kyrkja som møtestad og arena for ulike tiltak. 

Attåt gudstenester og kyrkjelege handlingar står barnekveldar (sist tysdag), hobbyverksted (jul og påske), fleire songkveldar og konsertar på dei halvårlege kalenderane. 

- Komande tysdag hadde vi tenkt å invitere til ein sosial kveld med mat og prat, kos og hobbysysler for vaksne, seier Eva. 

- Men akkurat på denne tida skjer det så mykje at vi har bestemt å utsette dette til over jul. 

Derimot minner ho om både juleverksted torsdag 14. november - der ungane får laga småting til jul i år som i fjor. 

- Og så blir det stor salmemaraton med barn, visegrupper, fleire kor og sikkert fullsett kyrkje søndag den 24. Dette er ein oppfølgjar av TV-suksessen «Salmeboka minutt for minutt» for 10 år sidan. 

Ho minner også om Adventskonserten med koret Prosjekt 17, solistar og orkester 1. desember. 

Så sjøl om tysdagens Hyggekveld hamnar på nyåret, er Åsskard-kyrkja mykje bruka i vekene som kjem! 

Powered by Labrador CMS