Pål Prest som songsolist - med god hjelp av Amigos-jentene Liv Aurora, Kristina, Mirjam og Ingeborg.

Høgtid med små og store

Påsketida held fram. Dette prega gudstenesta for små og store i Åsskard søndag.

Publisert

Ei rekkje aktørar sørga for ei levande samling. Blant høgdepunkta var dåpen av Lilje og Vega. Mange frå familiane deira deltok på festdagen. Dåpen og liturgien elles vart leia av sokneprest Pål Arne Winsnes.

Eit høgdepunkt var også «preika» - bibelstunda der Maria Fiske Eliassen så å seie spela rolla som ei anna Maria - Bibelens Magdalena. Uttrykksfullt formidla ho underet og undringa da Jesus stod opp påskemorgon. Preiketeksten om tvilaren Tomas illustrert ho på tankevekkande vis i eit tablå med prest Pål og pianist Bodil Kvam Aasbø. Dette synte oss noko vesentleg om kva tvil og tru er.

Vi veit ikkje alt – om det vi ikkje ser. Pål Prest som Tomas Tvilaren – saman med Bodil (som han ikkje ser!) og andaktshaldar Maria.

«Mi Kyrkjebok» leverte songar og tips til denne gudstenesta. To av soknets 6-åringar, Maja og Erik, fekk boka som gåve i gudstenesta.

Fire frå barnegruppa Amigos var både kyrkjekor og forsongarar med frisk innsats - leia av Bodil ved pianoet. Dagens takkoffer gjekk da også til Amigos.

I denne oppstandelsessongen deltek heile kyrkja – vi ser Bodil Pianist, Randi Klokkar, Amigos-jentene, 6-åringane Maja og Erik og (til høgre) Maria Kyrkjelydspedagog

Kay Arne Svensli assisterte kyrkjetenar Anne Hjørdis Telstad med klokkeringinga. Og Jane Svensli og Kari Aarnes inviterte til kaffe i Kyrkjestua etter den godt besøkte gudstenesta.

Powered by Labrador CMS