Kyrkjene våre

Globe med tente lys
Globen i Øye kyrkje med tente lys – her etter nattverdfeiringa

Bønekrukka og lysgloben

Kyrkjene våre er ordna for aktiv bruk på ymse måtar – forkynning, song, dåp, nattverd, og handlingar som takkoffer, bøn og lystenning. Ordet «liturgi» kan omsettast med «folket i handling».

Publisert Sist oppdatert

Bønekrukke

Fleire kyrkjer tok i bruk bønekrukke for nokre år sidan. Tidvis har den av ulike grunnar vore ute av bruk. I seinare tid har bruken teke seg opp att og vorte innlemma i liturgien.

Enkelt sagt er ideen at ein legg sine bøneønske i krukka. Det kan skje med notat på eit papirkort eller med ein liten stein som symbol på ei bør vi vil legge ifrå oss.

Krukka med innhald blir løfta fram under ei forbønshandling i løpet av gudstenesta. Korta med notat er sjølvsagt anonymiserte og blir makulerte etter gudstenesta.

Bønnekrukke på bord med skrivekort og steiner
Bønekrukke i Åsskard kyrkje – med skrivekort og symbolsteinar

Lysgloben

Globen er bilete på verda. Kristuslyset i midta viser at «Kristus er verdens lys» - slik Bibelen seier og slik vi syng frå salmeboka.

Frå Kristus-flammen kan folk i kyrkja tenne lys som ei bønehandling «for noko eller nokon vi tenkjer på», som det gjerne blir sagt.

Dette kan gjerast når som helst – når vi kjem inn i kyrkja eller i samband med takkoffer eller nattverd.

Med utgangspunkt i symbolforståinga har kyrkjekonsulentar og andre fagfolk grunngjevne råd om bruken. Berre nye lys skal tennast. Brente lys skal ikkje brukast opp att. Dei «har gjort si gjerning», men kan samlast inn og smeltast om att. Globen er heller ikkje ein vanleg «lysestake», men tek altså imot bønelys.

Plassering

Det er ulike meiningar om kvar i kyrkja bønekrukka og lysgloben skal plasserast. Dette blir med forskjellig grunngjeving gjort ymse stader.

Om globen seier ein sentral fagkonsulent:

- Opprinnelig bør den stå nær inngangen. Det er et fint første møte med kirkerommet. Mange kvier seg for å gå frem i det åpne kirkerommet. Man blir så synlig da. 

Likevel bør globen vera flyttbar, seier kyrkjekonsulenten: 

- Av og til brukes lysgloben i forbindelse med forbønn og plasseres da i alterområdet. 

Lysglobar har vore å finne i dei fleste kyrkjer sidan 1990-talet. Bønekrukker blir også stadig vanlegare. For den som vil, gir dette rike høve til ulike bønehandlingar.

Powered by Labrador CMS