Pengegåve til Åsskard kyrkje:

To damer som ser på et alterklede i koret på ei kirke.
Det noverande raude antependiet er slite og falma, konstaterer Eva Jorid Svendsen (t.v.) og Jane Nordstrand Svensli i Åsskard sokneråd.

Blir nytt altarklede

Publisert

Ved Sigrunn Bævre si gravferd tidlegare i år fekk Åsskard kyrkje ei stor minnegåve. Familien ønskjer at midlane skal brukast til utstyr i kyrkja der Sigrunn høyrde til.

Soknerådet går inn for å skifte ut det slitne altarforhenget - «antependiet». Det blir no kjøpt stoff og sydd tre nye slike – i kyrkjeårsfargane grøn, raud og fiolett. 

På vegner av kyrkjelyden seier soknerådet stor takk til familien Bævre.

Ei dame som løfter opp forhenget foran alteret i ei kirke.
Eit eldre, gult forheng dukka fram under det noverande. – Kven hugsar dette? undrast soknerådsleiar Eva.
Powered by Labrador CMS