Åsskard onsdag

Bibelsongkveld – kva er det?
Bibelen har inspirert til musikk i over tusen år. Koret P17 inviterer til bibelsk song og kåseri i Åsskard-kyrkja onsdag 2. april.
Allsong og klassisk
Prosjekt 17 fører an i allsongen og byr på klassiske verk som Beethovens Lovsang, Mendelssohns Ave Maria og Hallelujakoret frå Handels Messias.
Julekveldsvisa, gospelsongar, spirituals og oratorier har utspring i Bibelen - både ordrett og indirekte. I særstilling står tonar av Bach. Med sine bibeltolkingar fekk han tilnamnet Den Femte Evangelist.
Babbel og Tornerose
Attåt songen deler aktørane verbalinnslag med både eventyr og artige dagleguttrykk. Kva har Alltid freidig med Tornerose å gjera? Kvifor seier vi babbel og syndebukk? Og kva betyr eigentleg Halleluja?

Bibelutstilling
Bibelen er tidenes bestseljar. Rundt i heimane finst eldgamle klenodier og sprudlande nyutgåver av boka. Difor oppfordrar Åsskard sokneråd folk om å bidra til ei variert og spennande bibelutstilling i kyrkja denne onsdagskvelden.
Konserten er gratis, men med høve til å gi kollekt. Soknerådet ordnar enkel severing etterpå.
ANNONSE:
