Bygdekvinnelaget gjer ofte dugnad for kyrkja si. Her ved ein tidlegare hausttakkefest: Ragnhild Skrøvset (frå venstre), Gunhild Bøklep Bøe, Johanne Holten, Kari Sæther, Torbjørg Settem, Randi V. Bøe og Inger Lise Heggem

Tid for takkefest

Denne månaden feirar mange hausttakkefest. I Åsskard kyrkje ligg det an til ei rik gudsteneste komande søndag.

Publisert

I haustpynta kyrkje med lauv, frukt og grønt samlast ein til dobbel barnedåp og møte med nye konfirmantar. Pyntinga står Åsskard Bygdekvinnelag for - ein tradisjon dei alltid utfører på glitrande vis. 

Prost Vidar Rygh har med seg ein lokal stab til tekstlesing og musikk. Forsongarar gir salmane eit løft.

Naturleg nok er det gleda som pregar lesing og song. Bibeltekstene skildrar Guds gåver i naturen og oppfordrar til å takke på verdig vis - ikkje minst med tonar - for både grøde og helse.

Prost Vidar W. Rygh er leier gudstenesta. Preiketeksten er om dei ti sjuke som Jesus gjorde friske att. Men berre ein kom att og takka ...

Nattverd, takkoffer (til Redd Barna) og etterpå-kaffe hører med. 

Tradisjonane frå eldre tiders feiring av Mikkjelsmess i september, med takk for haustens grøde, lever vidare når kyrkjene framleis feirar hausttakkefest.

Her blir det pynta med markens grøde – symbol på alt vi har å takke for

Soknerådet opplyser at ein finn songane på nr. 318, 586, 284, 308, 355, 614 og 296 i salmeboka.

Powered by Labrador CMS