ANNONSE:

«Himlen blåner » - Vårsong i Ranes kyrkje

Onsdag 7. juni kl. 19.30 er det duka for den no tradisjonelle vårsongkvelden i Ranes kyrkja. Lokale kor og elevar frå kulturskolen deltek med song, dans og musikk.

Vi får sjå sju unge dansarar frå Dansekompaniet ved kulturskulen framføre dans til The Earth Prelude, saman med Stine Valde som underviser i dans.

Johanne Holten har laga tekst og melodi til eiga vise, og Karianne Holten blir med på trompet.

Tradisjonen tru deltek Damekoret Credo og Tordenskjold songlag med korsong, og Margareth Rensvik er akkompagnatør på piano. Tove E.Strand blir med på fløyte.

Det blir allsong frå salmeboka, og saman med kor og instrumentalistar trur vi at dette blir ein flott kveld!

Kollekten går til inntekt for flygel i Øye kyrkje, og soknerådet håpar at mange finn vegen til Raneskyrkja denne sommarkvelden!

Plakat for vårsong i Ranes kyrkje onsdag 7. juni 2023
Powered by Labrador CMS