Winsnes innsett som ny sokneprest i Surnadal
Pål Arne Winsnes vart under søndagens gudsteneste i Stangvik kyrkje innsett som sokneprest i Indre Nordmøre prosti, med Surnadal som tenestestad. Stig Sæter, leiar i kyrkjeleg fellesråd i Surnadal las «Kallsbrevet» frå biskop Midttømme, medan prost i Indre Nordmøre prosti, Vidar W. Rygh føretok innsettingsseremonien.
På kvelden søndag vil Amund Valde tiltre som organist i Surnadal. Dette skjer under kveldsgudstenesta i Ranes kyrkje, men vi fekk ein liten forsmak, da Valde spela under takkofferet i Stangvik kyrkje søndag føremiddag.
Både Pål Arne og Amund får Surnadal kommune som tenesteområde, og fyller eit langvarig tomrom. Fordeling av arbeidstida deira mellom dei ulike sokna og kyrkjene blir gjort etter kvar det til ei kvar tid er behov. Prost Rygh vil framleis ha mykje presteteneste.
Det vart altså ein litt annan kyrkjesøndag enn vanleg denne Vingardssøndagen i Stangvik kyrkje. Det heile tok til med at komande sokneprest, diakon og prost hadde innmarsj. Stig Sæter las så «kallsbrevet» til Winsnes frå biskop Midttømme i Møre bispedømme, før prost Rygh i Indre Nordmøre prosti foretok sjølve innsettingsseremonien.
Rygh ønskte Winsnes velkomen til Surnadal, og var temmeleg sikker på at han ville bli godt motteken her i Surnadal, på same måte som han sjølv vart det for tretten år sia.
Etter gudstenesta var det Sæter, som på vegne av alle dei seks sokna i Surnadal kommune som ønskte Winsnes og Valde velkomne til Surnadal med kvar sin blomster, og som Rygh var Sæter sikker på at dei båe ville bli tekne godt i mot i alle sokna i kommunen.
– Jeg tror jeg kommer til å trives godt her, bare se hvor fint det er her, sa Winsnes i det han kom ut av kyrkja.