ANNONSE:

En kvinne og en mann, smilende, begge med grått hår og briller, foran en altertavle i ei kirke. Mannnen har ei skrivebok i hendene.
Rannveig Brøske, leiar i Stangvik sokneråd, og Bernt Bøe, organist og forfattar av jubileumsboka Stangvik 125 år.

"Kyrkja vår - Stangvik" og soknemøte

Torsdag 9. mars kl 19 blir det soknemøte i prestegarden og presentasjon av Jubileumsboka « Kyrkja vår - Stangvik», skrive av Bernt Bøe. Årsmelding og soknerådsval er på agendaen, også prestegarden. Kva skjer med Stangvik prestegard etter den er komen på kyrkja si liste?

Bernt Bøe vil gje glimt frå boka og «bevis» på at lokalkyrkja BÅDE betyr levande liv og tidlaus tradisjon! Dette blir framført som lysbildekåseri. Vi får innblikk i historia frå “storstangvikgjeldet” gjennom 600 år.

Jubileumsboka kan brukast som ei oppslagsbok om kyrkjelivet i soknet, der vi får kunnskap om stort og smått, det heile pedagogisk og levande skrive av Bernt G. Bøe!

Servering.

ALLE VELKOMNE!

Arr: Stangvik sokneråd

Powered by Labrador CMS