Kyrkja i Surnadal
Markering av Samefolkets dag
I sitt nyttårsbrev til dei kyrkjelege fellesråda og prostia i Møre og Romsdal, kom biskop Ingeborg Midttømme i år med ei klar oppfordring om å markere Samefolkets dag på sjølve dagen.
Med bakgrunn i dette inviterer Den norske kyrkja, Samisk kirkeråd i samarbeid med Indre Nordmøre prosti og Surnadal kyrkjelege fellesråd til feiring av Samefolkets dag på Kyrkjelydshuset på Skei i Surnadal torsdag 6. februar klokka 17:00.
Det er kommunane Sunndal, Tingvoll, Gjemnes og Surnadal som utgjer Indre Nordmøre prosti.
Det blir gudsteneste med preike på sør- og nordsamisk og nynorsk. Alle salmane denne dagen vil vere på samisk.
Etter gudstenesta blir det helsing frå leiar i Samisk kyrkjeråd, May Bente Anita Jønsson. Ho er til dagleg ansvarleg for trusopplæringa Sunndal kommune.
Det blir også kyrkjekaffe med bakels og leikar for ungane, der aktivitetane denne dagen er henta frå samisk kirkebok, samiske handarbeid og tradisjonar.
-Vi ønsker som kyrkje å være med å støtte opp under samefolket, seier sokneprest Pål Arne Winsnes i Surnadal.
Pål Arne kunne også fortelje at samisk aktivitetsbok blir lansert i Nidarosdomen laurdag 1. februar.