Prosesjon med dåpsbarn
Trusopplærar Elsa Jensvold var korsberar i inngangsprosesjonen.

Pinsegudsteneste med godt besøk

Publisert

Pinsa fell på Nordmøre ofte saman med Vårsøghelga i Surnadal. Men midt i årets rikhaldige kulturfestival, og uavhengig av den, feira vi også stor pinsegudsteneste i Stangvik kyrkje.

Den var annonsert som felles samling for Rindal og Surnadal, men var som vanleg også besøkt av mange frå heile det gamle Stor-Stangvikgjeldet. Veret hindra kyrkjeroing med båtar denne gongen, men dagen vart likevel innhaldsrik.

Stor arbeidsinnsats

Mange aktørar var i arbeid med planlergging og gjennomføring. Prestane Torbjørn Brøske (Stangvik), Vidar Rygh (Surnadal) og Lene Gåsvatn (Rindal) var alle leiarar. Stabstilsette var på plass og gjorde teknisk, liturgisk og musikalsk teneste. Organist var Bjørn Vevang.

Dagens kor bestod av songarar frå Halsa til Ålvundfjorden og leia kyrkjelyden gjennom liturgien, delvis med nyskrivne korsatsar til salmane.

Mange songarar i dagens kor.
Koret var samansett av songarar frå fleire nabosokn.

Kyrkja sin «fødselsdag»

To born vart døypte på kyrkja sin «fødselsdag» - som jo er pinsedagen. Under andens symbol, dua, på preikestolen formidla Torbjørn Brøske konkrete og jordnære tankar om kva «ånd», Guds pust i våre liv, kan bety i praksis. – Det er kanskje Den heilage Ande som minner oss om å besøke einsame eller ta ein telefon til den som treng oss, sa han.

Torbjørn Brøske på preikestolen.
Torbjørn Brøske gjorde den åndelege dimensjonen jordnær og konkret.

Misjonsgåve og hyggesamver

Dagens takkoffer gjekk, etter 20-årig avtale i dei lokale sokna, til prosjekt som Den Norske Misjonsselskap driv i Etiopa og Midt-Austen.

Etter gudstenesta var det full stue i Prestgarden, der soknerådet sørga for kyrkjekaffe og hyggeleg samver før Vårsøghelga tok over - med boksøg og kyrkjekonsert.

Pinsegudstenesta var godt besøkt.
Powered by Labrador CMS