Prost Vidar Rygh og vikarkantor Erik Rosenius

Fyll kyrkjene

Publisert Sist oppdatert

- Takk for fint samarbeid også denne søndagen, seier visst prost Vidar Rygh og vikarkantor Erik Rosenius etter gudstenesta i Ranes. Forrige søndag var dei sammen i Todalen kyrkje.

Ikkje alle er vel klar over det unike høvet vi har til å høyra ein profilert operasongar fylla kyrkja med salmesong, med alle vers, slik som no i sommar når kantor og operasongar i Stockholm, Erik Rosenius, vikarierer for Bernt Bøe, som er vår faste pensjonerte, men alltid aktive kantor.

Erik er full av lovord om sin svigerfar og hans store innsats.

Vi er vant til gode organistar i Surnadal, men det er spesielt når ein operasongar fyller kyrkjeromet med si velklingande og velskolerte røyst. Vi fekk også ein solosong til postludium.

Kantor betyr "ein som leier songen." Og da får ein lyst til å syngja med, slik vi skal i gudstenesta.

Erik Rosenius har alt vore i alle dei seks kyrkjene i kommunen.

På grunn av prestemangel (Vidar er eine prest og samtidig prost) og vakanse i organisttenesta, får vi no berre ei gudsteneste for kvar søndag framover i heile kommunen (tidlegare to prestegjeld med kvar sin prest og organist). Men det er ikkje lenger til kvar kyrkje enn at det er ein fin søndagstur for å koma i Guds hus til ei rikhaldig gudsteneste med klår forkynning, bøn og song. Lat oss fylla kyrkjene våre.

Powered by Labrador CMS