Tordenskjold Songlag og Prosjekt 17

Kor i kirken med kvinnelig dirigent
Frå tilsvarande songkveld i Stangvik i fjor: Tordenskjold Songlag leia av Elin Persson

Stangvik onsdag: Sus av salmesong

Tordenskjold Songlag og Prosjekt 17 legg onsdag øvingskvelden sin til Stangvik kyrkje og inviterer alle til programmet «Salmesus».

Publisert

Breidda av kyrkjeleg songkultur fyller programmet – nytt og gammalt, frå mange land og tradisjonar, frå tangorytmer til lokale folketonar.

Salmeboka – ei gullgruve

- Salmeboka er ei gullgruve, med sine tusen gripande tekster og flotte melodiar. Vi oppfordrar folk til å synge med på vår opne øvingskveld, seier korfolka.

Dei inviterer til både allsong, lytting og samsong: Eit lite «korverksted» involverer difor heile forsamlinga i enkle fleirstemmige satsar.

Kor i kirken. Menn med sorte klær og damer i røde kapper
Erit tynt befolka Prosjekt 17 ved eit tidlegare høve. Foto P 17

Bach, Rutter og Wesley

Som kor framfører Tordenskjold satsar av bl.a. Bach og John Rutter. Prosjekt 17 syng også Bach, Wesley og to folkemelodiar frå nettopp Stangvik. Desse er nedskrivne i tradisjon etter klokkar Christen Bruseth og handelsmann og søndagsskulelærar Johan Aasgaard.

P17 syng folketonar frå Stangvik – mellom dei «Tal vennlig», ein tone som Edvard Bræin i 1928 skreiv ned etter Johan Aasgaard (innfelt) her i heimen Breidablikk på Kvanne

Elin Persson dirigerer Tordenskjold. Amund Valde, Oddveig Helset Halle og Bernt Bøe gir tonefølgje til songen.

Annonse:

Det er gratis inngang, men høve til å støtte kvelden med kollekt.

Powered by Labrador CMS