Jul og høgtid i kyrkjene
- Til kirken samle seg fra hver gård og grend de unge, gamle av kvinner og av menn, syng Landstad i den norskaste av alle julesalmer.
Vi samlast også 150 år seinare og fyller kyrkjene - særleg på julaftan. Store deler av folket vårt ønskjer å feire jul i kyrkja si - der høgtida finn si naturlege form og sitt sterkaste uttrykk.
Alle seks kyrkjene i Surnadal markerer dette med gudstenester også i år - Mo, Ranes, Åsskard og Todalen på julaftan, Øye og Stangvik på juledag.
Prost Vidar Rygh forrettar i Åsskard, Todalen og Øye. Pål Arne Winsnes gjer prestetenesta i Mo, Ranes og Stangvik. Attåt seg har dei tosifra mannskap i kyrkjestaben.
Grupper på galleria styrkjer salmesongen. I Åsskard og Todalen deltek medlemmer av koret P17, mellom anna med lokale juletonar. På juledag i Stangvik vil Karen Oddny Husby Gravvold synge «Julverset» med tonen frå heimegarden Åsbø. Slik er ein ubroten folketonetradisjon teken vare på.
- I Mo og Ranes blir det også lokale musikkinnslag, opplyser Surnadals organist Amund Valde. Han er sjøl utan tvil blant kyrkja sine travlaste på jobb no i desember. Amund spelar også i Øye på juledag og lovar der solistisk musikk i tillegg til den liturgiske.
Kyrkjefolket sine takkoffer i jula går gjerne til organisasjonar som nettopp ved slike høgtider har viktige omsorgsoppgåver.
Folk vil nok følgje Landstad til kyrkja også denne jula, «fra fjord og fjære, fra fjell og dypen dal», slik han intonerer sin store julesalme.
Og for den som av ulike grunnar må vera heime: Gudstenestene i Ranes julaftan og i Øye første juledag blir sende på lokalkyrkja sitt TV-nett.