ANNONSE:

Kyrkjelydshuset på Skei

Kvinnenes internasjonale bønedag fredag 7. mars

Kvinnenes internasjonale bønedag fredag 7. mars kl. 1800 på Kyrkjelydshuset Surnadal

Årets tema er frå Salme 139: «Eg har skapt deg unik, du er underfullt laga»

Enkel samling med skrivne bøner, song og fellesskap. Programmet i år er laga av kvinner på Cookøyane i Stillehavet. Ein kan også koma med bøneønskjer.

Kvinnenes Internasjonale Bønedag er eit imponerande økumenisk initiativ. Den blir markert kvart år i over 170 land.

Det var kvinner i USA som starta denne dagen 1887. Bakgrunnen var all naud dei såg mellom immigrantar og slavar, og dei starta ein tverrkyrkjeleg felles bønedag for desse. Frå 1920 vart kvinner over heile verda engasjerte.

Powered by Labrador CMS