ANNONSE, LEDIG STILLING:

Produksjonsarbeidar
Kvanne Industrier AS (KIAS) er ein leiande norsk produsent og leverandør av dører i GRP og aluminium, spesielt eigna til bruk i næringsbygg der det er høge krav til fuktbestandigheit, hygiene og lang levetid. Frå fabrikken vår i Surnadal leverer vi til kundar over heile landet, og med stor etterspørsel etter produkta våre treng vi å auke kapasiteten.
Produksjonsarbeidar
Arbeidsoppgåver:
• Utføre automatiserte og manuelle prosessar for produksjon av dører, karmar og andre liknande produkt: Kapping, CNC-fresing, skumming/pressing, liming, montering, pakking.
• Ivareta HMS-, kvalitet- og kundekrav.
• Bidra i det kontinuerlege forbetringsarbeidet – og til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
• Relevante fagbrev, f.eks. produksjonsteknikar eller automatikar, og/eller relevant erfaring frå produksjonsbedrift.
• Service- og løysingsorientert.
• Sjølvstendig, påliteleg og lærevillig
• Fleksibel og samarbeidsvillig.
Vi tilbyr:
• Godt arbeidsmiljø og eit samansveisa lag med dyktige og erfarne kollegaar.
• Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver du kan utvikle deg med.
• Dagtidarbeid med innarbeiding av ekstra ferieveke.
• Konkurransedyktig løn, AFP og generelt gode vilkår og ordningar.
Søknadsfrist er 7. april 2025.
For spørsmål om stillinga eller KIAS, kontakt dagleg leiar Trond Skogseth, telefon 911 78910, ev. trond@kvanne.no
Kvanne Industrier AS
Industrivegen 53
6652 Surnadal
www.kvanne.no