Bilde av fargerik altertavle
Stangvik-tavla fortel i tre avsatsar om Jesu korsfesting, oppstode og himmelfart. Truleg er Lars Dreyer mannen for dette verket.

Påskekunsten vår

Kyrkjene våre er flotte kulturhus – også med store kunstskattar. Påska har på særleg måte inspirert lokale kunstnarar av stort og litt mindre format.

Publisert

Altartavlene har gjerne motiv frå høgtidsdagane i påska. Mange er frå 1700- og 1800-talet, prega av vilje til å tolke sentrale hendingar frå Bibelen. Frå gammalt av har kunsten tala like sterkt som ord og tonar, sjøl om verka i våre kyrkjer ikkje alltid er av dei store meistrane.

I tider da få kunne lesa, hadde bileta ei viktig forteljande og forkynnande oppgåve. Dei viste bodskapen like sterkt som det talte ordet - og vart opplevd med andre sansar. Klåre motiv betydde like mykje som det reint «kunstferdige».

Teilgaard på Ålvundeidet

Altmulegmannen Rasmus Teilgaard (1685-1754) i Stangvik var både stor godseigar, kyrkjeeigar, forpaktar av mulkter, skattar og tiend – og kunstmålar.

Ålvundeid kyrkje frå 1848 har den altartavla som Teilgaard måla til Christiansunds Kirke i 1725, men som eigarane der skifta ut. Ålvundeidingane kjøpte for 10 spesiedaler eit kunstverk som ikkje minst er prega av uvanleg vakker treskurd – utført av den berømte Peder Knudsen Kjørsvik (1691-1757) frå Fræna, « Peder Bildsnider». I midtfeltet på tavla har Rasmus Teilgaard måla – direkte på treverket – nattverdscenen på skjærtorsdag.

Bilde av en stor altertavle medmane farger og motiver. Jesus og disiplene i midten.
Tavla i Ålvundeid kyrkje (opprinneleg Christiansund 1725) har eit enkelt, men talande nattverdmotiv måla av Rasmus Teilgaard frå Stangvik. Treskjeringane – av Peder Bildsnider – er minst like flotte.

Ole Joensen Kolset – den store meisteren

Teilgaard kan ha vore læremeister til Ole Joensen Kolset (1722-1789). Kolset var truleg frå Kalset i Bøfjorden, men hadde sin kunstnarbase i Kristiansund: Han var distriktets fremste kyrkjekunstnar i si tid. Kolset har etterlate seg altartavler og andre verk både i Halsa (preikestolen), Bremsnes (altartavla frå 1771), Frei (tavle frå gamle Frei kyrkje) og kanskje Mo kyrkje (tavla) – forutan fleire store arbeid i Nordland, m.a. i Mosjøen og Alstahaug.

Bilde av et maleri med Jesus og disiplene
Ole Joensen Kolset laga tavla til nye Bremsnes kyrkje i 1771.
Fargerik altertavle med mange motiver
Tavla i Mo-kyrkja er kanskje utskoren (og «stafferet»?) av Ole Joensen Kolset. Ho vart overmåla med kvitt på 1800-talet (!), men vakkert restaurert av Ola (Kunst) Seter for rundt 70 år sia.
Maleri av Jesus som stiger ut av graven, med tre vakter
«Oppstandelsen» Ole J. Kolset – måla i 1763 på altartavla i Petter Dass-kyrkja Alstahaug i Nordland.

Typisk for Kolset var den kornblanda målinga på søylene rundt bileta. Dette finn vi også att på tavla i Stangvik kyrkje – mest sannsynleg eit verk av Lars Dreyer frå Åsgard, som kan ha hatt gamle Ole Kolset som sin lærermeister.

Dreyer i Stangvika

Denne Lars Hallvardson Dreyer (1754-1819) var bonde i Dreyerstua på Åsgard. Han skal ha måla tavlene i Edøy og Aure kyrkjer – og truleg den vi har i Stangvik. Dreyer kom til Åsgard i 1801 og har såleis neppe skore tavla (som var laga til korskyrkja, bygd 1784). Ein teori kan vera at nemnte Ole Kolset laga den på sine gamle dagar – dei «grynete» søylene var nemleg hans varemerke. Tavla er måla «Ano 1807», står det å lesa. Ho fortel mykje påskehistorie – gjennom si tidstypiske 3-deling med korsfestinga nedst, Jesu oppstode midt på og himmelfarten øvst. Bibelske og allegoriske personar er skorne ut i felta mellom dei grynmåla små søylene.

Bilde av fargerik altertavle
Stangvik-tavla fortel i tre avsatsar om Jesu korsfesting, oppstode og himmelfart. Truleg er Lars Dreyer mannen for dette verket.

Bernhoft og Follestad

Den første soknepresten i Surnadal, Hans Bernhoft (1665-1714) gav i 1708 den førre Ranes-kyrkja tavla som også i dag prydar altaret i noverande Ranes: «En nye Altertavle af Hr. Hans Bernhoft 20 Rd», fortel dokumenta. Men om presten betalte tavla, tyder alt på at ein annan (ukjend) meister var den som måla den. Både Hans og faren Anders Bernhoft (prest på Oppdal) var forresten dyktige diktarar. Andaktsbøker og songar etter dei fanst m.a. i Bøverdalen.

Bilde av maleri av Jesus på korset med to kviner ved siden av
Presten Hans Bernhoft gav denne tavla til den førre Ranes-kyrkja (bygd i 1702).

Dorothea Follestad (1855-1921) – lensmannsdotter frå Stangvik – var den første kvinne på våre kantar som satsa på profesjonell karriere som kunstmålar. Etter påbygginga av Todalen kapell til soknekyrkje måla ho i 1890 den tavla som (etter utskifting i 1932) no heng på sørveggen i kyrkja – med motiv etter Thorvaldsens berømte «Kristus».

Bilde av maleri av Jesus
Dorothea Follestad si gamle tavle i Todalen har motiv frå Thorvaldsens «Kristus».

Conrad Valeur

Salmakar Conrad Valeur (1850-1919) i Kristiansund var ein flittig kyrkjekunstnar. Etter han finn vi tavler m.a. i Kornstad, Gjemnes, Øksendal (tidlegare), Snillfjord, Røbekk, Nordbotn (Hitra) og Alta kyrkjer. Som attest etter arbeidet i Alta (1913) skreiv ordføraren der: - Kan det være mulig at en slik kunstner graver sig ned i Kristiansund?

Bilde av maleri hvor to menn og to kvinner tar Jesus ned fra korset
«Nedtagelsen av korset» er Conrad Valeur sitt motiv i Alta kyrkje (1913).

Ein påstand om at Valeur også var meister for skjærtorsdagsmotivet i Åsskard kyrkje, er ikkje stadfesta, men dette er uansett ei uttrykksfull altartavle..

Bilde maleri av av mann som kneler i hage
Åsskard: Motivet Jesus i Getsemane

I desse påskedagar talar i alle fall lokale små og større målarar til dei mange som besøkjer kyrkja til oppleving av gudsteneste, musikk – og kunst.

Bilde av maleri av tre korsfestede menn
Den såkalla «kalvariegruppa» (Calvary er eit anna namn på Golgata) i Halsa kyrkje er heilt frå mellomalderen. Ved sida av den krossfeste Jesus framstiller den hans mor Maria (t.v. for oss) og disippelen Johannes.
Powered by Labrador CMS