Kulturvøkku 

Bildet av sentrale personar inne på minnelunden
Dagens sentrale personar: Foto - Eli Landsem Solvik, minnelund - Inge Solheim, ordførar Mildrid Kattem Aune, minnelund - Ingeborg Landsem, minnelund - Lars Stokke og kirkeverge Marte Nervik Nergård

Mange å minnas, mangt å sjå

Første lørdagen i Kulturvøkku 2024 i Rindal var prega av opningar. I tillegg til fleire kunstutstillingar, var det opning av både minnelund og fotoutstilling ved Rindal kirke.

Publisert
Minnelunden med benker, hekk og bauta med minneplater
Minnelunden

Minnelunden

Minnelunden med ein stor bautastein med namnskilt på er plassert ved kyrkjemuren framfor den sørlege inngangen til kyrkja. Urneplassane er på begge sidene av grusgangen mot sør.

Minnelunden sett frå sør
Eli Landsem Solvik, Mildrid Kattem Aune og Marte Nervik Nergård ved minnelunden
Kirkeverge Marte Nervik Nergård fotalte om den namna minnelunden

Planarbeidet for minnelunden starta i førre soknerådsperiode med ein komité der Arnhild Foseide Fagerholt, Ingeborg Landsem, Ola Ytredal, Inge Solheim og Brit Grete Moen var medlemmer.

Mange møtte for å sjå opninga
Mykje folk hadde møtt fram til opninga av minnelunden og fotoutstillinga

Lars Stokke kom med i arbeidet da han vikarierte som kyrkjetenar. Saman med Inge Solheim vart det laga teikning av anlegget og utforminga av det. Sidan har Stokke stått for mesteparten av arbeidet med minnelunden.

Mange møtte opp

Rune Røen frå Rindal Maskin leverte stein, både til fundament og til bauta. Han hjelpte også til med boring og samankopling av steinane, som var henta frå Kvammen Steinbrudd.

A. Kvam har levert fine blomsterkassar og store lamper på søyler i corten-stål etter idé frå Lars Stokke. Corten-stål får ei ytre hinne av rust som gjer at rustprosessen går 6-8 gonger seinare enn vanleg stål.

Ordføraren med ein sjekk
Ordførar Mildrid Kattem Aune overrakte kirkevergen ein sjekk på 5000 kr frå kommunen til fotoutstillinga
Ordføraren får takkeklem frå kirkevergen
Snorklipping
Ordførar Mildrid Kattem Aune opna høgtideleg minnelunden med å klippe snora som Inge Solheim og Lars Stokke heldt

Stemninga rundt minnelunden tydde på at alle var svært godt nøgde med både plassering og utforming. Det blir mange gode minnestunder på benkane der.

Les meir om den namna minnelunden her!

Eit av dei utstilte bilda - rindalskjerka med åpen kirkeport
Fotografia er utstilte langs kyrkjemuren

Fotoutstillinga

Rundt om langs steingjerdet ved kyrkja er det plassert 10 bilde på aluminiumsplater. Det er Eli Landsem Solvik som står bak den utstillinga. Ho har Rindal kyrkje som eit av dei mest brukte fotomotiva sine. Av helsemessige grunnar hadde ho måtta redusert turane sine i fjell og utmark, fortalte ho. Da vart kyrkjegarden og Igltjønna dei mest brukte turmåla og fotomotiva hennar.

Eli Landsem Solvik fortalte om tankane bak fotoutstillinga

Ho starta med 32 bilde, og enda opp med 10 bilde som ho fekk kopiert over på aluminiumsplater slik at dei kan stå ute heile sommaren.

Det bildet ho set mest pris på er det ho tok av tårnet den 13. april 2015 der sola skin gjennom stillaset rundt det nyrestaurerte kyrkjetårnet etter lynnedslaget og brannen eit knapt år tidlegare.

Eli med favorittbildet
Fint og varmt minnebilde
Kirka med tårnet innhylla under reparasjon
Dette bildet må du sjå nærare på i full kvalitet

Eit anna bilde som vekker sterke minner viser far hennar i solnedgang over Skåkleiva, sett frå Langlimarka.

Fleire bilde langs kirkemuren
Fotoutstillinga
Folk studerer eit av dei utstilte oversiktsbilda
Folk studerte ivrig dei nye bilda

To av bilda er oversiktsbilde, eit teke frå Langlimarka, og eit frå Høglia ovafor Landsem. Nedtråkka gras viste at mange hadde studert desse bilda!

Ta deg ein tur og sjå på bilda i ro og mak! Dei blir ståande heile sommaren.

Du kan lese meir om bilda her!

Powered by Labrador CMS