Annonse
Kulturvøkku 2021
Tunmesse med barnedåp
Som vanleg var det tunmesse på Rindal Skimuseum siste søndagen i Kulturvøkku, og som vanleg barnedåp, to barn vart døypte.
Pål Ove Lilleberg er prest i Orkland prosti og presenterte seg som tidlegare Høttrindaling, og no hadde han hytte ein annan stad, og den var levert av Rindalshytter!
Lilleberg bur i Skaun kommune og tok oss i løpet av gudstenesta med på pilegrimsvandring ved at dagens klokkar leste utdrag frå Sigrid Undsets bøker om Kristin Lavransdatter og fletta det inn i preika si.