Kulturvøkku 2021
Musikarane fann tonen
Søndag kveld vart det sett punktum for Kulturvøkku 2021 i Rindal med ein varm sommarkonsert i Rindal kirke. Kantor Bjørn Vevang hadde i regi av Arena:Kirke fått med seg Toril Moe, Espen Selbæk og Ronny Kjøsen. Saman sørga dei for ei flott musikalsk oppleving for dei rundt 70 frammøtte.
Det var litt kjølegare i Rindalskirka enn ute denne varme sommarkvelden, men konserten gav ei oppleving som varma forsamlinga som kvitterte med kraftig applaus, ståande til slutt!
Programmet hadde fint spenn frå Ave Maria og Adagio cantabile til Menuett på trekkspel. Under den siste kjente vi at englene svinga seg i kirka!
Planen var at konserten skulle ha ein fiolinist. Ronny Kjøsen steppa inn og erstatta fiolin med trekkspel. Utruleg kor godt det fungerte! Kjøsen og Vevang smelta tonane sine saman som om dei aldri hadde gjort noko anna. Desse må vi få høre meir frå, for her var det mange fantasifulle arrangement!
Mange ønsker seg nok også ein duett med Toril Moe og Espen Selbæk!
Og lydbildet ut til publikum var perfekt styrt av Frank Spoon Botten.