Kulturskulens rockekonsert:
Bra trøkk i Storstuå på ein torsdagskveld
Torsdag kveld inviterte Surnadal og Rindal kulturskule til rockekonsert i sjølvaste Storstuå. Heile fem band fekk vi høyre i løpet av kvelden.
Første band ut var frå Rindal, og dei var namnlause. Dei hadde prioritert å øve på songane i staden for å finne på namn, og det let rett så bra. Mellom anna fekk vi høyre ein fin versjon av Do I wanna know, Arctic Monkeys.
Kveldens yngste band, The Lame Flaming Kings, sjarmerte veldig med Kaizers Hjertekunser, før dei dro til med Arctic Monkeys’ I wanna be yours.
Neste band ut var Byggesett, og det mistenkjast at bandnamnet kjem av at dei er sett saman for anledninga, men det er absolutt ei samansetjing vi vil høyre meir av. Med Cranberries’ Zombie’, og You really got me know, Kinks klassikar, rykte det i rockefoten både på scena og i salen.
Design begynner å bli skikkeleg rutinerte. Dei opna med Sweather Weather, som handlar meir om kjærleik enn dårleg vër, og dei leverer med stor innleving, før dei spelar No. 1 Party Anthem. Arctic Monkey ser ut til å vere ei stor inspirasjonskjelde for kulturskuleelevane.
Echo avslutta ballet og starta med to songar på norsk. Eriksen-låta Kanarifuggelens song vart framført så fint at det berre var å lene seg tilbake og nyte. Som alle som nokon gong har hatt kjærleikssorg veit, så handlar rockelåtar nettopp om det. Echo valde og ei tolking framført på Hver gang vi møtes, og spelte Eg vil ikkje se deg med ham, Arne Hurlen sin versjon av ei Maria mena-låt. Godt gjennomført.
Det var 15 kulturskuleelevar som deltok på konserten, fordelt på fem band, og vi såg at same musikarane i fleire. Ida song i to, Ingebrigt tromma i to og Sigve var med i dei tre siste banda med tre ulike instrument. Det kan ikkje seiast anna enn at dei har eit brennande engasjement. Men det som ikkje ser ut til å vekse på tre er bassistar, da lærar Rune måtte steppe inn fleire band på bass. Nor er det sannsynleg at han likar det, men det hadde jo vore kjekt med litt yngre ungdommar i rolla og. Så vi må berre oppmode til å søkje kulturskuleplass med bass som instrument.
Eit slikt arrangement er rein luksus ein torsdagskveld, og det må vere vanskeleg å finne noko betre å investere ein femtilapp i. Flott gjennomført av kulturskulen. Takk for lyden!
Bildeserie: