Surnadal og Rindal kulturskule

Flott koreografi og nydlege kostyme på desse flinke, unge dansarane.

"Kråkånj flyg i maganj"

-perfekt samansydd festforestilling

Publisert

For bortimot fullsett storstue i kulturhuset spelte kulturskuleelevane den flotte eigenproduserte og tverrfaglege forestillinga "Kråkanj flyg i maganj". Gode musikkinnslag og velkoreograferte dansar blir innramma av teatergruppene si treffande skråsyn på absolutt dagsaktuelle samfunnstendensar. Kunstfaggruppene har stått for scenografi og effektfulle kostyme som sette prikken over i-en, slik at dette vart ei flott og heilskapleg oppleving.

I ei fugleverd leier ramnanae Hugin og Munin oss gjennom ei komplisert problemstilling der vi får sjå kommuneadminstrasjon gjere grep for å få meir likes i sosiale media. Fuglebefolkninga i kommunane får beslaglagt telefonane sine for at adminstrasjone skal ha fleire telefonar å trykke likes med. Dette medfører sjølvsagt stress i adminstrasjonen, og ikkje minst, store forviklingar og problem blandt innbyggarane som er vane med å ha telefon. Kanskje noko subusungdommaen kan kjenne seg att i? Ikkje ein gong å bake bollar går an utan oppskrift på telefon. Telefonavhengiheita vår blir sett på spissen, og vaksne si kløning med sosiale media blir humoristisk framstilt. Det heile blir løyst med telefonkurs med innleigd influencar frå Austlandet, og alle får att telefonane sine, men bruken blir nok meir balansert. Herleg, mangesidig og veldig aktuelt!

Kommuneadministrasjon gjer det dei kan for å få meir likes.
Blir det ragnarokk? Hugin og Munin leier oss gjennom med humoristiske refleksjonar.

For fleire bilde, bla i bildeserien med pilene.

Klekkedans. Her kjem Hugin og Munin fram i starten av forestillinga.
Klekkedans
Tøffe hip hop-dansarar.
Kommuneadministrasjonen klekker ut ei plan for å få fleire likes.
Hugin og Munin i kommuneadministrasjonen.
Ida song syng "Kråkånj flyg", spesiallaga til denne forestillinga. Vi fekk og høyre "Kanarifuglens sang". Nydeleg, som vanleg
Dompappane ser mykje problem med å ikkje ha telefon.
Hønene og kyllingane forstår ikkje korleis dei skal halde kontakten med vennar.
Influencar frå Austlandet.
Papegøya gjekk i motsett retning av dei andre, og skaffa seg telefon, men var reflektert kring bruken.
Stødige gitaristar
"Bird set free" Avslutningsnummeret var imponerande flott og sikkert.
Stilig koreografi
Kulturskulerektor Torbjørn Larsen takka alle medverkande elevar og tilsette, og foreldre som har frakta ungar til øving.
Powered by Labrador CMS