Heimklang jubilerer:

To flotte år!
Tradisjonelt jubilerer ein med 25 års mellomrom. Med like god grunn feira nyleg demenskoret Heimklang sine to første svært innhaldsrike år!
Samlinga i kommunestyresalen på Liabøen vart ein gedigen kulturfest med særeigen bakgrunn. Song og musikk, festtalar og overdådig bevertning var jubilanten verdig. Mange innbedne gjestar slutta opp om arrangementet.

Inge tok opptakten
Korets alltid energiske administrator Siri Sæterbø hadde ein flott tale.
- Applaus for Inge! Siri fekk salen med på ein skikkeleg hyllest til Inge Gudmundsen.
- Han sørga nemleg for å starte dette koret, føydde ho til.
Bakgrunnen var eit foredrag som Ingebrigt Steen Jensen heldt i Halsahallen i januar 2023. Som demensramma hadde han da nettopp skrive boka «Før jeg forsvinner». Inge spurte han om Heim burde starte demenskor - ut frå suksessen Demenskoret på NRK-TV.
- Absolutt! svara Steen Jenssen.
Og så trilla ballen. Inge Gudmundsen fekk musikar Ronny Kjøsen til å leie koret i starten. Seinare har Peder Vaagland og Elin Persson stått i spissen - før songardirigent Turid Røen Kroknes og akkompagnatør Bernt Bøe innleia samarbeid med daverande Halsa Demenskor (no Heimklang) hausten 2023.

At Ronny Kjøsen – og trekkspelet! - gjesta jubileet saman med hans syngande kone Marit, kasta ein eigen glans over arrangementet. Deira konsertavdeling med slåttar og viser - og «Drømmen om Elin» med svingom, på sparket etter ønske frå Jon i koret - sette jubelen i taket.

Aktivt kor – med livsglede
Heimklang er definitivt av dei aller mest aktive kor i området.
– Attåt øvingar kvar veke har vi hatt eigne og delteke på andre sine konsertar både i Surnadal, Åsskard, Bøfjorden, Kyrksæterøra, ulike plassar i Valsøyfjorden, på Halsanausta og her på Liabøen, kunne Siri dokumentere.
Ho framheva også alle frivilligtimane som blir gjort for dette korprosjektet og peika på det overordna målet – «Stimulere til aktivitet og spre sangglede for personer med demens».
- Songen kan framkalle gode minne som sit i kroppen lenge. Om ein mistar språket, kan ein likevel synge – og dette løftar fram livsgleda, poengterte ho.
Velklingande – og velsmakande
Og sjølsagt måtte koret med sitt breie songrepertoar prege jubileumsfesten. Slagerar som «Hvite måke» og «Love me tender» klang vakkert ved sida av musikalutdraga «Å for ein strålande morgon» og «Edelweiss». Ja, endatil Griegs «Ved Rondane» er på korets velklingande repertoar.
Med Ellbjørg Reiten i spissen sørga kjøkengjengen for nydeleg servering til jubilantar og gjestar. Fiskesuppe Foccacia og Festkake Budapest fall absolutt i smak!
