Salmehøgde og særpreg
Eit innlegg i avisa Vårt Land 9. januar (følgt opp i Dagsnytt 18 på NRK) krev at toneleiet på kyrkjesalmane må leggast ned og seier det vil «løfte»(!) songen.
Sant nok: Altfor få syng aktivt. Men årsakene er mange, ikkje berre tonehøgda. Som organist i 50 år har eg samla erfaring og tør oppfordre til grundigare refleksjon rundt dette.
Også hos oss justerer vi somtid tonehøgd - av ulike grunnar. Men låg toneart gir ikkje betre song totalt sett. Senka melodi har biverknader som innlegget i VL hoppar over.
Lovsong eller «lågsong»?
Forenkla snittrekning: I vanlege salmar med f. eks. 60 meloditonar ligg ein liten del (maks 4-5 tonar) «for høgt» (c’’- d’’) for den som sjeldan syng aktivt.
For å unngå c-d må heile songen leggast 1-2 trinn ned. Resten av melodien, heilskapen, får da eit akustisk mørkt og tungt uttrykk – ofte i konflikt med tekstinnhaldet. Ein lovsong blir «lågsong», som Surnadals-prest (og organist) Knut Ree sa det. Like eins kan ein bønetekst miste si kraft. Originalens nedre parti blir unaturleg djupt, vanskelegt å synge og ofte uhørleg.
Salmar er komposisjonar (musikkstykke, kunstverk) som taper klangleg og akustisk særpreg ved drastisk omlegging.
Songen er samfunnstapar
Dessverre er det lite allmenn song i skulen og samfunnet. Vi dyrkar artistar og overlet til dei å «synge for oss». Det svekkar sjølsagt også allsongen i kyrkja.
Og dessverre: I mykje prisverdig songarbeid blant unge blir ofte barnets naturlege, lyse stemmekvalitet erstatta med mikrofonlyd og tvinga ned i «brummeleiet». Forsterkaranlegg «formidlar» på kunstig vis uttrykket som den naturlege stemmen ville fått levande fram.
Det finst råd!
Kva må til? Frimod er eit nøkkelord. Det sit ofte langt inne, men kan lokkast fram med små øvingar – gjerne før gudstenesta: Salmeboka 239, korte liturgiledd og anna høveleg. Dei fleste kan jo synge!
Forsongargrupper inspirerer forsamlinga - ein «tør» å stemme i når andre gjer det.
Å stå hjelper både pust, støtte og songstemme. Gjerne under meir enn inngang og avslutning.
Å gå opp kan gi verset eit løft!
Mi erfaring er at å løfte eit vers halvtonen opp – i staden for å senke – har fantastisk effekt. Ta dåpssalmen «Fylt av glede» som eksempel: Går organisten opp frå originalens E- til F-dur i siste vers, vil fellesskapet oppleve noko som nettopp «løftar» songen!
Bernt G. Bøe