En mann og to damer på en veranda.
Sigrid Vetleseter Bøe samme med Arne Berset og Liv Dalsegg i Sparebank1 Nordmøre.

Pengegåve frå banken gjer kvardagen litt lettare

Publisert

Sopranstemma Sigrid Vetleseter Bøe (34) frå Bøfjorden, og som er utdanna ved NTNU i Trondheim og Operahögskolan i Stockholm, har fått 25.000 i gåve frå SpareBank 1 Nordmøre, for å vidareutvikle stemma si, eller rettare sagt instrumentet sitt, som ho skreiv i søknaden til banken.

Liv Dalsegg og Arne Berset frå SpareBank 1 Nordmøre, sa på torsdagens pressekonferanse at Sigrid er ein utruleg flott ambassadør for Surnadal kommune og regionen vår. I tillegg folkeleg gjer ho opera som kunstform, mellom anna gjennom sitt engasjement som kunstnarisk leiar for Stangvikfestivalen. På den måten blir opera ufarleggjort og gjort tilgjengeleg for folk flest.

Sigrid debuterte i Tryllefløyten på Kungliga Operan i Stockholm. Sidan det har ho hatt mange rollar på mange scener i inn og utland. Å vere operasongar, er som å vere toppidrettsutøvar, ein må vere på topp kvar gong ein opptrer, sa Sigrid under pressekonferansen torsdag.

Sigrid kunne fortelje at det er hard konkurranse om kvar einaste rolle ved dei forskjellege operaane rundt om, og at det difor går med mykje tid og pengar til rettleiing og prøvesynging til dei forskjellege rollane. Dei som prøvesyng må nemleg sjølv betale for rettleiinga, og det kan bli mange tusen for kvar prøve. Difor var Sigrid særs glad for pengegåva frå SpareBank 1 Nordmøre, ei gåve som gjer at ho står betre økonomisk rusta i tida framover.

En mann og to damer som sitter ved et bord med ei skål med Operamints foran seg.
Sparebank1 Nordmøre serverte OperaMints for anledningen.

Ein kan oppleve å vere med på mange prøvesyngingar på dei forskjellege operaane rundt om, utan å få ein einaste rolle. Sigrid har etter kvart opparbeidd seg eit namn, og sjølv om ho, som dei fleste andre er freelance, så har ho i alle fall fylt mesteparten av tida si fram til 2026.

Akkurat no har Sigrid og familien leigd seg hytte i Stangvik. Her kombinerer ho det å vere kunstnarisk leiar i Stangvikfestivalen med å avvikle ferie, så kor mykje ferie det blir står nok att å sjå, vil vi tru! Vi gratulerer Sigrid med gåva frå SpareBank 1 Nordmøre, og lykke til med festivalen!

 

Powered by Labrador CMS