Prosjekt 17

Frå songkvelden i Åsskard: P17 førte an i fellesnumra og hadde eigne korstykke. Ved pianoet Bernt Bøe.

Takk for songfellesskapet!

Vi i Prosjekt 17 er veldig takknemlege for godt oppmøte og musikalsk respons på kyrkjesongkveldane vi nyleg hadde i Todalen og Åsskard

Publisert

- Fyll kyrkja med song! oppfordra vi og lova å opne salmeboka i full breidde. Og responsen var så gledeleg at vi hemed vil takke offentleg. Folk møtte mannjamnt og stemte verkeleg i!

Allsongen fylte huset til taket - med viser og hymner frå ulike land og ulike hundreår! Musikalsk fellesskap på sitt beste - mest takka vere hovudaktøren, altså forsamlinga!

Vi sa for spøk at dette var to vanlege - men opne - onsdags korøvingar. Dermed fekk vi også prøve noko av vårt eige repertoar: Handel, Bach, Beethoven, Mendelssohn og eit par spirituals passa forhåpentleg inn i lovsongsprogrammet.

I Åsskard onsdag var også HeimKlang (tidlegare Halsa Demenskor) med og spreidde glede - både i fellessongen og med sine eigne innslag: «My Lord», «Edelweiss» og Griegs «Ved Rondane». Fine bevis på kva songarven kan bety!

Kvelden i Åsskard vart streama på nettet – eit fint tiltak. Vi fekk ikkje songtekstene på skjermen, men prøvde å annonsere salmenummera tydeleg. Berre ein mikrofon i midtgangen gav kanskje ikkje perfekt stemmebalanse. Men i rommet trur vi det let som det skulle.

Songskatten er ikkje død. Og Norsk Salmebok er ei vidopen skattkiste!

Powered by Labrador CMS