Vårsøghelga:

En mann med en metallbolle med gult innhold, og ei smilende dame bak.
Ole Magne Ansnes laga majones, med kyndig rettleiing frå Live K. Edvardsen.

«Saman for Surnadal» - innhaldsrikt og interessant!

Publisert

Vårsøghelga, i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening, hadde i dag invitert alle til lunsjkonferansen «Saman for Surnadal» i SpareBank 1 Nordmøre sine lokalar på Skei. Dette er ein del av programmet under årets Vårsøghelg, og vart arrangert for tredje gong. «Vi ønsker saman å bidra til økt bulyst, vekst og eit rikt kultur og næringsliv i Surnadal og regionen, og håper at «Saman for Surnadal» kan vere med å inspirere til det», heitte det i invitasjonen frå arrangørane.

Live K. Edvardsen, Ivar Næss og Endre Volden var innleiarar på konferansen, medan Charlotte Audestad sto for den musikalske delen og Ole Magne Ansnes var konferansier og intervjuar.

Administrerande banksjef i SpareBank 1 Nordmøre, Allan Troelsen, ønskte velkommen og fortalte litt om sparebanken si verksemd.

Mange mennesker i et møterom ser på to personer i enden av rommet.
Saman for Surnadal: Innhaldsrik og interessant lunsjkonferanse.

Så overtok Ole Magne Ansnes. Første innleiar var Live K. Edvardsen. I samtalen med Ole Magne kunne ho fortelje at inspirasjonen til å utdanne seg til kokk, var det Ida Dønheim og Kristina Svinvik som gav henne, da ho i 10. klasse var på utplassering på Thon Hotel Surnadal. Ho vart som 18-åring lærling hos Michelin-restauranten Credo i Trondheim, der ho no er tilsett som kokk. Live har også vore på opplæring i USA og Sverige. Men høgdepunktet for Live er likevel å kome heim til mormor og få servert kjøtt og påsse. 

Live fortalte også litt om oppstarten av Café Somti, som mora har etablert i butikken sin på Skei. Live er ekte Nordmørs-patriot og held fast på Surnadalsdialekta, sjølv når ho har vore på TV. Ho hadde med seg ingrediensar for å lage majones, og konferansier Ole Magne fekk prøve seg som majoneskokk.

Songar om havarerte kjærleiksforhold

Ei dame med gitar som snakker i mikrofon.
Charlotte Audestad fortalte litt om seg sjølv og songane sine.

Charlotte Audestad introduserte sitt musikalske innslag med å fortelje litt om seg sjølv. 

Charlotte er oppvaksen på Hitra, men bor no i Trondheim. Ho har gjeve ut tre plater, og arbeider no med ei fjerde, som ho har mål om å gje ut neste vår. Ho kunne fortelje at mykje av musikken hennar handlar om kjærleiksforhold som har havarert, og dei var det ikkje få av, sa ho! Ho opptrer for det meste i Trondheim, men også andre stadar av og til. Ho og ei veninne har også eit prosjekt dei har kalla «Sykehusskjorte», som vi fekk høyre litt om. Charlotte avslutta med å spela to eigenkomponerte songar.

Etter å ha høyrt Charlotte synge, vart det servert lunsj, brus, kaffe og twist.

– Kunsten og kulturen gjev oss noko å leve for 

En mann som snakker til ei forsamling.
Endre Volden er dagleg leiar for Moldejazz.

Endre Volden er nytilsett dagleg leiar for Moldejazz. Han var spesielt oppteken av kunsten og kulturen sin verdi for lokalsamfunna. Kunsten og kulturen gjev oss noko å leve for, sa han. Han meinte også at kunst og kultur er viktig for mangfaldet, engasjementet og identiteten vår. Han understreka kor viktig det er med samarbeid mellom kunst og kultur, næringsliv, frivilligheita og det offentlege.

Ros til Surnadal kommune

Ivar Næss er dagleg leiar i Norsk Kvalitetsmat i Surnadal. Det var faren som i 1989 starta det som i dag er Norsk Kvalitetsmat. Dei produserer i dag fiskemat og skaldyr. Omsetninga ligg på rundt 100 millionar. Han var klar på at det er viktig med råvarer av høg kvalitet for å få sluttprodukt med høg kvalitet. Han sa også at det er ein kontinuerleg prosess med produktutvikling i bedrifta, noko produksjonen av skaldyr er eit godt eksempel på! Kultur og fritidsaktivitetar er viktig i rekrutteringsprosessane for å få tak i tilsette, og han rosa kommunen for å legge til rette for lokalt næringslivet i kommunen.

«Saman for Surnadal» var ein innhaldsrik og interessant lunsjkonferanse, med interessante og engasjerande innleiarar, leia av ein stødig og humoristisk konferansier og intervjuar, Ole Magne Ansnes.

Powered by Labrador CMS