Stor interesse for ny bok frå Kari Gåsvatn
Det var fullt hus i Oslo da rindalingen Kari Gåsvatn lanserte den nye boka si, gitt ut av Blomsterhaug forlag i Stangvik. Og den 26. november debuterer ho på heimebane, skriv forlaget i ei pressemelding.
Kari Gåsvatn har vore ein profilert journalist og kommentator i meir enn 50 år, særleg i avisa Nationen. No kjem ho med ny bok, «Matmakt over genene», som er innom fleire sentrale tema for henne: Distriktspolitikk, landbruk, miljø og mat.
Utruleg nok har Kari frå Lomunddalen aldri delteke på eit ope arrangement i Rindal. Tysdag 26. november blir det endeleg noko av. Da besøkjer ho biblioteket med den nye boka.
- Det gler eg meg veldig til, seier Kari Gåsvatn.
Den nye boka hennar er høgaktuell: debatten om eit lovverk for genteknologi går for fullt i Norge, EU og globalt, heiter det i pressemeldinga.
- Målet mitt med boka er å bidra til ein fri og open debatt. Temaet genteknologi synest kanskje litt fjernt, men dette kjem til å påverke kvardagen til oss alle, seier Kari.
- Kva slags mat skal vi produsere, korleis og kor? Korleis sikre ei robust matforsyning i møte med naturkrise, klimakrise, krig og pandemiar? Og har vi menneske rett til å klippe og lime i livskjernen til andre artar?
Mange deler desse spørsmåla. Det viste boklanseringa ved Naturhistorisk museum i Oslo nyleg. Meir enn 100 personar fylte salen til trengsel. Etter at Kari Gåsvatn hadde fortalt om boka, danna det seg ei lang kø av folk som ville ha signert bok.
Seinare har fleire sentrale matbloggarar og organisasjonar gitt tommelen opp for «Matmakt over genene», som har den forklarande undertittelen «Genmodifisering og mat: Den viktige debatten».
Boka blir òg kort presentert under landbrukskonferansen i Surnadal 7. november.
Det er Blomsterhaug forlag i Stangvik som gir ut boka.
- Vi er glade for det fine samarbeidet med Kari, seier Anita Land, som driv forlaget saman med ektemannen Svein Sæter.
- Det kjennest meiningsfullt å gi ut bøker som tilfører kunnskap i saker som er viktige for framtida.
Dette er den tredje «miljøboka» frå Blomsterhaug på to år, etter «Kampen om Dovrefjell» i 2022 og fjorårets «Mardøla 1970».