mann ved piano og tre bak med sangtekst
Kveldens pianist Bernt Bøe saman med Einar Husby, Inger Garthe og Borghild Talgø frå P17.

Songkveld i Todalskyrkja

Med allsongen i sentrum og forsamlinga som hovudaktør inviterer koret P17 onsdag til «Kyrkjesongkveld» i Todalen.

Publisert

- Salmeboka er vår rikaste skatt av poesi og melodiar mellom to permar, seier korleiar Bernt Bøe. - Og snakk om breidde: Her svingar det frå bedehus til tempel, frå tango til hymner!

mange folk rundt bord
Allsidige Prosjekt 17 øver i Kyrkjelydshuset i Surnadal – alltid med kaffepause mellom Bellman-viser, salmesatsar og Mendelssohn.

Onsdagens program er innom mykje av dette - nye og velkjende tekster til både tradisjonsrike tonar og nye folkerytmer frå mange kontinent. 

Koret Prosjekt 17 krydrar allsongen med overstemmer og inviterer forsamlinga med i enkle fleirstemmige stubbar.

Dei framfører også klassisk musikk av Mendelsohn og fleire store: Ave Maria, Beethovens Lovsang og andre perler.

Prost Vidar Wilhelmsen Rygh leier ein kort liturgisk bolk av programmet. Dermed vil kyrkjesongkvelden også bli Todalen si «gudsteneste» no i første del av oktober.

Det blir høve til å gje kollekt til det kyrkjemusikalske arbeidet.

mann og dame med plakat foran piano
Med denne plakaten og med salmeboka som kjelde håpar koristane Kristian Settem og Borghild Talgø at mange blir med som publikum og medaktørar på allsongkvelden i kyrkja.
Powered by Labrador CMS