Bilde av en dame i kjole og ei tegning i ramme.
Jenny Klinge sikra seg eit bilete av seg og spaghettikuk-teikninga "Og kva så?" då det var bestemt at den skulle seljast.

Vil satse på kunsten etter sal av «spaghettikuk»-bilete - dette var årets aprilspøk

Klinge vil satse for fullt på kunsten til hausten. Sal av "spaghettikuk-bilete" til Christian Ringnes har ført til stor oppsving i etterspurnaden.

Publisert Sist oppdatert

Etter å ha sete - både med og utan musmatte og bleie - på Stortinget for Sp i heile 18 år, sluttar Klinge på Tinget til hausten. Ho har spekulert på kva ho skal finne på den dagen ho er ferdig der, men etter salget av teikninga av spagettikuken, har etterspurnaden av kunsten hennar verkeleg tatt av. Det har gjort valet om framtidsplanar lettare.

Gler seg

Jenny Klinge (49) har vakse opp i Østbødalen i Surnadal, ein plass som enno ligg hennar hjarte nær. Ho er glad i naturen, og det er ikkje sjeldan ho besøkjer gamle trakter når ho er heime og har fri. No er det berre sju månader igjen av vervet i Stortinget, og ho sjer fram til å bruke meir tid i heimbygda. 

No bur stortingsrepresentanten på Nordvik i Surnadal saman med sambuaren og hunden Rusky på snart åtte år.

På dobbelgarasjen har ho eit atelier med idyllisk utsikt utover Todalsfjorden, der ho får rekreasjon ved å fritt få utfolde sine kreative sider.

Jenny blei engasjert i politikken frå ung alder, og allereie i 1999 blei ho innvalt i kommunestyre i Surnadal. Frå 2003 til 2007 var ho varaordførar, før ho tok vegen til Stortinget.

– Eg er veldig takknemleg for den store moglegheita som politikken både på lokalt og nasjonalt plan har gitt meg til å bruke engasjementet mitt på mange viktige område. Eg begynte som ein freidig 23-åring og avsluttar som ein like freidig 23-åring, seier Klinge og ler.

– Eg har fått opplevd og lært veldig mykje både på godt og vondt desse åra, men no ser eg verkeleg fram til å leva ut kunstnaren i meg, seier ho fornøgd.

Parodiert

Surnadalingen er ei som blir lagt merke til, og ho har nyleg vore i Nettavisen angåande at ho bruka bleie på jobb på Stortinget og som gjest i Nytt på nytt på NRK.

Jenny bruka bleie i samband med plagsam, men ikkje smittsam magesjau på jobben for å førebygge uhell - uhell som heldigvis ikkje skjedde.

– Eg meiner vi må vera mindre sjølvhøgtidelege jamt over. Og skjer det uhell med slikt, er det strengt tatt ikkje verdas undergang. Det er lurt å finne praktiske løysingar, seier ho.

Les meir om bleiebruken her.  

Hennar morosame sprell går heller ikkje - naturleg nok - heimbygda hus forbi. Ho blei parodiert allereie i Surnadalsrussens russerevy i 2004.

Siste "stunt" i Surnadal var på russerevyen først på mars, og sist helg arrangerte SKUV (Surnadal konseptutvikling) "Gaukvellj på Trudvang" der Svanhild Husby spela Jenny som var ferdig på Stortinget. Lite visste Husby om at ho "røpa" plana til politikaren der skodespelaren stod i raud kjole og rosa hatt og måla på eit nytt spaghettikukbilde.

– Ho tok meg på kornet der altså. Og det at eg skal satse for fullt på kunsten, det visste ho ikkje eingong. Det er noko eg ikkje har gått ut med før no. Men når katta alt er ute av sekken, så kan eg jo berre bekrefte at det stemmer, ler politikaren.

Svanhild, i likhet med Jenny, bydde på seg sjølv og la ikkje filter på noko. Der var det alt fra blokkfløytespeling, bading heime i vakre Nordvik, måling av kunst på staffeli, solodans og bokstaveleg tala utdriting (i bleie).

Svanhild Husby hadde måla eit måleri i anledning opptredenen, og meddeler ovenfor Trollheimsporten at om det er nokon interesserte, så er også dette biletet til salgs.

Klinge tek alt med ein god porsjon sjølironi og humor, og tykkjer opptredenen var stor stas.

– Det er ei ære å bli parodiert av Svanhild Husby.

Dame utkledd i kjole og hatt viser tegning/maleri.
Svanhild Husby som Jenny Klinge på generalprøven da SKUV arrangerte "Gaukvellj på Trudvang" forrige veke.

Gavmild

Kunstnaren har tidlegare sjenka Surnadal kommune eit 1,5 x 2 meter måleri i 2016, som ho minnast vert opphengt på veggen i matsalen på Sommerrotunet aktivitetshus.

Men sjølv om Jenny er både positiv og gavmild, så kan ho ikkje gjere dette til ein vane.

– Eg kan ikkje fortsetje å gje bort måleri no når eg skal leve av det, seier ho.

På biletet er ho saman med Solveig Glærum under overrekkinga av kunsten, da dei akkurat hadde opna aktivitetshuset. Glærum var den gongen einingsleiar for bu- og aktivitetstenesta. No er ho pensjonist, men engasjerer seg i frivilleg arbeid, som leiar for Todalen sanitetsforening.

To damer foran/ved eit måleri.
Jenny Klinge gav eit måleri på 1,5 x 2 meter til Surnadal kommune i 2016.

Fornøgde kundar

Jenny har alltid vært glad i å teikne og måle. Ho har ikkje notert salg av kunstverka sine, men gjennom over tjue år har ho solgt rundt over 50. 

Ho har fått positive tilbakemeldingar på kunsten sin også før spaghettikuken, blant anna av måleriet på biletet under.

– Dette måleriet heng på kontoret til ein øyre-nase-hals-spesialist oppi Tromsø, faktisk. Han kjøper kunst til kontoret fordi han meiner det bidreg til betre kontakt med pasientar - og han har meldt frå til meg om at han får mange gode tilbakemeldingar på måleriet, smiler kunstnaren.

Dame foran eit måleri.
Jenny Klinge på atelieret heime på Nordvik.

Glad for responsen

Det at det har vorte så stor interesse for kunsten hennar er noko ho er svært takksam for, og det er noko som vil gjere overgangen lettare.

– Det er jo berre flaks at det blei den oppsvingen i kunsten no før jeg sluttar. Eg hadde ikkje tålt å ikkje hatt noko å gå til når eg no går av til hausten, for eg er jo ikkje glad i å ha for få ballar i lufta, ler ho, og fortset:

– Og i november rundar eg heile 50 år. Dette må feirast!

Rabattar

I rein Jenny Klinge-stil går ikkje feiringa som vi fleste feirar runddagar, og på atelieret hennar er det nok av både rom og tid. Som den surnadalspatrioten ho er, har ho tenkt å feire både dei 50 åra, stortingskarriera og kunsten med å gje gode rabattar til dei fem første sambygdingane som bestiller kunst.

Om nokon ønskjer seg ein personleg spagettikunst å gje kjærasten, så er det absolutt anledning til det.

– Det er spaghettikuken som er årsaka til at eg no får moglegheita til å brødfø meg av hobbyen min, så for dei fem første sambygdingane som bestiller ein, i ein eller anna form, blir det 50 prosent rabatt, smiler ho.

– Eg kan ikkje begynne å måle for fullt før oktober, men tenkjer at eg da har god tid fram mot Valentinesdagen, då dei fleste truleg vil ha gåva klar.

Og kunstnaren er open for skreddersying kor ho kan ta med særskilde særteikn som bestillaren vil ha med.

– Det er berre å beskrive til meg om det er noko ønskje om til dømes fasong, form eller farge, så fiksar eg det. Eg har fargeblyantar også eg, ler ho.

– Det er det som er tanken bak her, at det skal treffe den enkelte med partnerens særpreg. Og er det nokon som ønskjer puppekunst, er det óg mogleg for damene å overraske partneren sin, legg ho til.

En mann og en dame holder en tegning som er i ramme.
Jenny Klinge solgte kunsten av spaghettikuken til Christian Ringnes for 22.500,- kroner i januar i år.

– Du er ikkje redd for å øydelegga ryktet ditt og å få dårleg omdøme ved å lage meir kunst av denne sorten?

– Eg vil poengtere at eg tek på alle slags oppdrag og ikkje berre frå navlen og ned, ler Klinge.

– Men svaret blir nei, det trur eg går særs godt. Folk kjenner meg. Men i verste tilfelle, så er eg heller ikkje redd for å drite meg ut, seier ho med eit glimt i auget.

Powered by Labrador CMS