
APRILSPØK
Kunst på heiltid for Jenny Klinge hadde heilt sikkert vore suksess, men Trollheimsporten må innrømme at det dessverre var årets aprilspøk. Men kjenner vi ho rett, blir det nok likevel meir kunst framover.
Stor takk!
Trollheimsporten er svært glad for at Jenny Klinge stilte opp på aprilsnarren, og for at Solveig Glærum og Svanhild Husby tillot oss å få med dei óg i saka.
Vi takkar alle involverte, særs hovudpersonen som sporty stilte opp på spøken medan ho satt i Oslo og ønska seg heim for å sjå Svanhild Husby sin parodi av henne då SKUV arrangerte "Gaukvellj på Trudvang".
Ho var særs behjelpeleg med å finne fram foto, og svare på spørsmål som kunne få saka meir truverdig.
Til ære for Jenny Klinge si målform og som takk for hjelpa, blei aprilspøken denne gong skrive på nynorsk.
For dei som ikkje har fått med seg saka om musmatta på Stortinget, legg vi med link til saka om at "Senterpartiets Jenny Klinge har fått seg ny musematte" frå oktober i fjor på TV2.
Følsame tema
Under telefonsamtalen snakka Jenny og Trollheimsporten om at det ikkje er alt ein kan tulle med og lage spøkar av, da ein må vere forsiktig med følsame tema.
– Men spaghettikukar er vel ikkje så følsame, seier den eine av skribentane.
– Jau, dei kan sikkert være følsame dei óg, ler kunstnaren.