Surnadal kommune melder
Surnadal open - Kunstnatt
Surnadal open er ei samanslutning av visningsstadar, kunstnarar og Surnadal kunstforening. I år blir det tredje gong det blir gjennomført arrangement i dette samarbeidet. Dette skriv Surnadal kommune i ei pressemelding fredag.
I år slår Surnadal open til med ei kunstnatt under Midtsommarfesten i Surnadal.
Kunstnarane vi får oppleve på Kunstnatt i 2024 er:
Toril Redalen og Siri Skjerve som fortel om sitt felles
kunstprosjekt "Line Made By Walking" i Svorkasalen på Surnadal
kulturhus. Dei gir over stafettpinnen til Brit Dyrnes og dottera Mira
Dyrnes Askelund som fortel om si utstilling «Fabel Artig» i Kallastua. Ferda
går vidare til Surnadal billag og gruppeutstilling med kunstnarane: Māris
Čačka, Beate Gjersvold og Jon Arne Mogstad.
Siste stopp blir på Surnadal frivilligsentral, som vi etter planen skal komme til kvart på elleve, der har Surnadal kunstforening si populære POP-UP utstilling for tredje år på rad (der dei som vil kan stille ut, ta kontakt med Kunstforeninga for praktiske detaljer). Det vil òg bli mogleg å kjøpe seg litt mat på frivilligsentralen denne kvelden.
Minner på om at det er konsert på Kulturhustorget med unge band og ein kan få med seg litt av begge arrangementa om ein ønskjer det. Det er i alle fall ei helg (og veke), i kulturens tegn.