Stangvikfestivalen:

to folk midt i kunstutstilling
Ebbe Arneberg og Guri Sandvik.

Mor og son stiller ut keramikk på Galleri Bondehuset

Kunstnarane beskriv at det har vore ein møysom prosess som har teke både tid og tankegang. 

Publisert Sist oppdatert

Live Sunniva Smidt opna utstillinga med eit nydeleg stykke av Bach på cello, som sette stemninga for å nyte kunsten frå Guri Sandvik og Ebbe Arnesen.

Live er ein av festivalartistane som ein får sjå fleire gongar i løpet av helga.

ung kvinne spiller cello med tre folk bak seg
Live Sunniva Smidt opna utstillinga på nydeleg vis.

Brit Dyrnes ønskte velkomen til eit fullt Galleri Bondehuset, og introduserte dei to festivalkunstnarane Guri Sandvik og Ebbe Arneberg.

tre mennesker holder om skuldre og poserer til kamera
Brit Dyrnes saman med årets festivalkunstnarar, Guri Sandvik og Ebbe Arneberg.

Keramisk kunst

Guri og Ebbe arbeider hovudsakleg med keramisk kunst, med leire av ulike slag. Det eine kunstverket er faktisk laga av lokal leire som vart funne i Stangvika i fjor. 

Guri Sandvik og Ebbe Arneberg bur i Oslo, men Guri kjem frå Kristiansund.

Dei har vore i Stangvik sidan måndag, og prøvd å løyse korleis dei ulike kunstverka skal stå i akkurat dette rommet. Dei har sjølv bygd utstillingssokler og designa utstillinga akkurat slik dei ønskja å ha det.

– Det er alltid spanande, når ein kjem til eit gallerirom og skal løyse rommet. Korleis tek dette form? sa Brit Dyrnes.

keramikkunst på utstillingsbord
kunst keramikk
kunst keramikk
Ein hyllest til Stangvik: Denne skulpturen er laga av leire fra Stangvika.
kunst keramikk

Mellomromma får fram emosjonar

Guri fortalde at ho høyrde Live spele tidlegare same dag, og at ho tenkte på pausene i musikken, og korleis det skapa ei spenning og fekk fram emosjonar. På same måte er mellomromma mellom kunstverka, og måten dei står på, viktig for korleis ein oppfattar kunsten.

dame og mann i hvitt
Guri beskreiv korleis det i kunsten, på same måte som i musikken, ofte er romma imellom som skapar spenning og emosjonar.

Gode rammer for arbeid med kunsten

Ebbe er Guri sin son, men dette er første gong dei har ei utstilling saman.

Ebbe viste stor takksemd for korleis dei har blitt teke imot under festivalveka.

– Eg har ikkje vore på folkehøgskule, men eg føler dette er litt det same, sa han.

Han beskreiv det å bli innlosjert i eit fantastisk hus saman med dei andre kunstnarane, og få jobbe lange dagar, berre avbrutt av deilige måltider 3-4 gongar om dagen. Dette tykkjer Arneberg er fine rammer for å arbeide med utstillinga.

dame og mann holder rundt skulder og smiler
Mor og son var takksame for korleis dei har vorte teke imot i Stangvika.

Guri og Ebbe sin kunst er òg å sjå på årets Stangvikfestival-skjorte, som ein kan få kjøpt på festivalen.

t-skjorte henger på vegg
T-skjorta med motiv frå kunsten til Guri Sandberg og Ebbe Arneberg.

Brit Dyrnes delte ut blomar som var "sjølrappa frå ein hage oppi lia", og gratulerte dei to kunstnarane så mykje med utstillinga!

dame med to blomsterbuketter
Brit Dyrnes delte ut blomar til festivalkunstnarane.
tre folk smiler til kamera
Powered by Labrador CMS