Rindal Skimuseum

Dame foran en vegg med ski
Sigrid Fivelstad åpner sin kunstutstilling på Skimakerlåven i august.

Kunstutstilling med Sigrid Fivelstad på skimakerlåven 

Sigrid Fivelstad  åpner sin utstilling på Rindal Skimuseum 9.august. Her gir hun innblikk i prosessen rundt sitt pågående kunstprosjekt "Frå: Far og gard" 

Publisert Sist oppdatert

Kunstutstillinga «Frå: Far og gard» tek for seg det å kome heimatt. Heimatt til garden, heimatt til ei lita bygd, heimatt til ein plass fleire og fleire unge flyktar frå. Kvar gong kunstnaren kjem heim – for det er framleis heim, vert ho minna på all kunnskapen som har gått tapt i denne flukta:

«På garden har me mange mål med skog, men eg har aldri hogd ned eit tre. På garden har me sag, men eg har aldri laga til mine eigne emne. Bygda ber på ei rik kulturhistorie og det er mange gode kunnskapsberarar der, men eg har ikkje hatt auga opne for det før no».

Sigrid Fivelstad prøver ådringamåling på bomullspapir.

Sigrid Fivelstad (1989) er utdanna biletkunstnar med ein mastergrad frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen. Ho jobbar med ulike teknikkar som teikning, installasjon og performance. Prosjekta dreier seg ofte kring tema som forgjengelegheit og våre relasjonar til kvardagslege objekt. I 2024 har ho arbeidd ein periode i heimbygda, Rindal. Der har ho sett på lokale handverkstradisjonar, vore på museet, vore i skogen, på saga og budd i sine besteforeldre sitt hus med møblar som har vore snekra, utskore og ådringsmåla av sine forfedrar.

Powered by Labrador CMS