KRONIKK:

Dame i lys jakke
Jannicke Totland Due, leiar i Naturvernforbundet Møre og Romsdal

La elva leve!

Publisert

Kronikk

Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine egne meninger.

Skal me avskaffe vassdragsvernet?

Stortinget kan no finne på å avskaffe heile vassdragsvernet. Eit fleirtal frå Ap, H, Sp, KrF og FrP går inn for fullstendig fjerning av forbodet mot nye vasskraftverk i verna vassdrag. Dette betyr i praksis ei avskaffing av verneplanen for vassdrag, som Naturvernforbundet har kjempa fram gjennom over ein femti år lang kamp for å ta vare på indrefileten i norsk natur. Det er uforståeleg og historielaust.

Tidlegare har diskusjonen dreia seg om å utvide moglegheita for å kunne byggje vasskraftverk i nokre verna vassdrag, på bestemte vilkår, for å førebyggje flaumskadar. Naturvernforbundet har òg vore skeptiske til det.

I det svært radikale forslaget frå FrP, som plutseleg òg Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet sine representantar i energi- og miljøkomiteen har stilt seg bak, står det no at "det åpnes for konsesjonsbehandling av kraftverk i vernede vassdrag, der samfunnsnytten, for eksempel i form av flomdempende effekt, vurderes som betydelig, samtidig som miljøkonsekvensene anses akseptable." Flaumdemping er altså berre eit døme, ikkje ein føresetnad.

Om dette blir vedteke, vil verna vassdrag bli vurdert likt med alle andre vassdrag. Vernet blir innhaldslaust, trass i år med kampar, utgreiingar og prosessar.

Mann i rødrutete skjorte i skogen
Øystein Folden, fylkessekretær i Naturvernforbundet Møre og Romsdal

Naturkrise og klimakrise

Tapet av naturmangfald er saman med klimatrusselen den største utfordringa i vår tid. Tapet av naturmangfald akselererer, og fleire artar er truga av utrydding no enn på noko anna tidspunkt i mennesket si historie. I den globale naturavtalen er målet å stanse og reversere tapet av naturmangfald. Verna vassdrag inngår i forpliktinga vår om å verne 30 prosent av naturen, som Noreg har meldt inn til FN. Samstundes vil eit fleirtal no gå inn for å svekkje dette vernet betydeleg.

Omsynet til biologisk mangfald, livet i og rundt elvane i Noreg, har altfor lenge måtta vike for stadige ønskje om ny kraftutbygging. Etter hundre år med kraftutbygging har to tredelar av dei store norske vassdraga blitt regulerte. Sju av dei ti høgaste fossane er bygde ut.

Den norske vassdragsnaturen er unik. Det er på tide å ta vare på dei elvane og fossane våre som enno ikkje er regulerte og lagde i rør. Berre 390 vassdrag er verna mot kraftutbygging. Desse elvane og fossane er spesielt verdifulle. Dei er sjølve kronjuvelane i norsk natur.

Ta vare på juvelane

Biologen Hanna Resvoll-Holmsen slo alarm då det var planar om å byggje ut Gjende og Sjoa i Jotunheimen. Ho skreiv i årboka til Turistforeininga i 1917: "«Det fòr som en Skræk i mig ved det eventyrlige Syn at Industriens lange knoklete arm skulle strekke seg herinn og øse av Gjendes smaragdgrønne Vand.» Gjende og Sjoa blei verna i 1973. Ville nokon ha tenkt seg å demme opp Gjende og regulere Sjoa i dag? Skal me verkeleg begynne å gå laus på dei verna vassdraga?

Kva med elver og fossar som er verna mot kraftutbygging i vårt eige fylke? Kan me verkeleg vurdere å byggje ut flotte vassdrag som Rauma-Ulvåa her i Møre og Romsdal, som er varig verna mot vasskraftutbygging?

Det er meiningslaust med gjentekne omkampar om verna vassdrag. Omsynet til naturen og framtidige generasjonar sine naturopplevingar tilseier at det blir stadig viktigare at fossar og elver som er varig verna mot vasskraftutbygging, held fram med å vera verna.

La elva leve!

Powered by Labrador CMS