KRONIKK

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak, Møre og Romsdal fylkeskommune

Dramatisk lågare elevtal gjer at vi må justere skoletilbodet

Om 15 år er det 1.700 færre elevar enn i dag i dei vidaregåande skolane i fylket. Den kraftige nedgangen gjer det heilt nødvendig å sjå nærmare på både antal skolar og på utdanningane vi tilbyr.

Publisert Sist oppdatert

Kronikk

Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine egne meninger.

Enten vi bor nord eller sør i fylket, indre eller ytre strok, by eller land; dei demografiske utfordringane er noko som råkar oss alle saman. Her handlar det om at ungdomskulla blir kraftig redusert, og vi som innbyggarar i Møre og Romsdal har eit felles ansvar for å sikre at den vidaregåande opplæringa er tilpassa framtidige generasjonar.

Talet på elevar stuper

Den grafiske framstillinga (over) av antal skolar og elevar i perioden 1995-2040 viser to hovudtrekk:

• 1995-2025: Elevtalet har dei siste 30 åra gått ned med 1.000 – samtidig som talet på vidaregåande skolar er nærmast halvert, frå 38 til 20.

• 2025-2040: Elevtalet er dei neste 15 åra forventa å gå ned med 1.700, frå dagens 9.000 til 7.300.

Det sentrale spørsmålet er kva vi må gjere med skole- og tilbodsstrukturen når elevtalet går ned med 1.700 fram mot 2040.

Vi ser allereie at stadig færre elevar og ein trongare fylkeskommunal økonomi vil gjere det vanskeleg å drive den vidaregåande opplæringa slik vi gjer i dag. Grunnen til det er at dei statlege midlane vi får til å drifte skolane er basert på elevtal, og når talet elevar går ned, får vi betydeleg mindre overføringar til skoledrift.

Kva nedgangen i inntekter konkret får å seie for antal skolar og/eller tilbodet på skolane, skal vi no finne ut av. Men det blir heilt sikkert færre klassar og eit spørsmål om nokre skolar skal ha færre tilbod enn dei har i dag. Vi må også tilpasse bygga våre til færre elevar slik at vi ikkje brukar pengar på å drifte tomme skolebygg.

Det er den demografiske utviklinga som tvingar fylkeskommunar rundt om i Noreg til å gjere endringar. Innlandet og Østfold har allereie vedtatt endringar i skole- og tilbodsstrukturen på grunn av stor nedgang i talet på elevar framover. Og Møre og Romsdal og fleire andre fylkeskommunar ser at dei må gjere noko. Utan å ta grep vil vi på sikt ikkje klare å gi elevane høg kvalitet i opplæringa.

Eirik Brekken, kompetanse - og næringsdirektør Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosessen

Sist desember vedtok fylkestinget at ny skole- og tilbodsstruktur må utgreiast, og den prosessen er starta no. Vedtaket peika på fleire omsyn som det er viktig å ta med i samband med utgreiinga.

Administrasjonen har allereie sett i gang arbeidet og vil legge fram ein rapport for politikarane. I desember i år skal fylkestinget bestemme korleis framtidas skole- og tilbodsstruktur skal bli. Men prosessen er lang og omfattande. No går det føre seg eit stort arbeid med å lage eit kunnskapsgrunnlag. Blant det vi vil finne ut av, er kva innverknad eventuelle endringar i skole- og tilbodsstrukturen får for elevane, for tilsette, for lokalsamfunna. Kva med bygga på dei 20 skolane? Kva får det å seie for skoleskyssen? Kva utdanningstilbod etterspør næringslivet framover?

For å få innspel til korleis ein ny struktur påverkar samfunnet, vil vi ha dialog med innbyggarar, organisasjonar og næringsliv. I løpet av våren inviterer vi til opne innspels- og dialogmøte ute i inntaksregionane.

Høyring

I ei så omfattande og viktig sak for heile fylket, inviterer vi også til skriftleg medverknad. 2. juni sender vi saka ut på høyring der vi ber om skriftlege innspel og synspunkt frå innbyggarar, kommunar, organisasjonar og næringsliv. Høyringsfrist er 1. september.

Vi ber særleg kommunar om allereie no å planlegge for å komme med høyringsinnspel.

Politisk behandling

Når høyringsinnspela er gjennomgått, skal fylkeskommunedirektøren i oktober levere politisk sak med forslag om korleis ein ny skole- og tilbodsstruktur kan bli. Som grunnlag for saka er høyringsinnspela, eventuelle innspel frå dialogmøta og kunnskapsgrunnlaget.

I oktober og november skal fylkeskommunale råd og utval behandle saka, før fylkestinget gjer endeleg vedtak i sitt møte 9. og 10. desember.

Sei di meining

Korleis framtidas vidaregåande opplæring vil sjå ut, er avhengig av kva beslutning fylkestinget tar i desember. No handlar det om å opplyse saka best mogleg, slik at politikarane får eit solid grunnlag til å ta ei avgjerd for framtida.

Vi trur vi får betre løysingar gjennom samarbeid og dialog, og vi inviterer derfor alle til å engasjere seg og vere med å forme skolelandskapet i Møre og Romsdal.

Powered by Labrador CMS