Harald Moen og Tor Øystein Skjermo frå El-Watch har fortalt Øyvind Håbrekke (t.h.) om sensorar for å sjekke dekktrykk i lastebildekk

- Eg kjem tilbake viss eg vert vald til Stortinget

I haust er det valg til Stortinget. Rindal skal, etter overføring til Trøndelag fylke, stemme i Sør Trøndelag valgkrets. Sør og Nord Trøndelag er to valgkretsar, men eitt fylke.

Publisert Sist oppdatert

Øyvind Håbrekke er førstekandidat for Kristeleg Folkeparti både i Nord og Sør Trøndelag valgkrets ved dette Stortingsvalget.

Harald Moen og Tor Øystein Skjermo frå El-Watch gav Øyvind Håbrekke ei grundig innføring i kva denne rindalsbedriftaP driv med.

Fredag besøkte han Rindal for å gjere seg litt kjent med denne kommunen. Han var innom El-Watch, Letthus og Lauvlia gard.

Alle bedriftene gav solid informasjon til ein interessert politikar. Dei to første bedriftene representerer næringar og produkt som har marked langt ut over kommunegrensene, medan gardbruket er eit av mange i Rindal og Norge som er jordnært og leverer produkt som vi er avhengige av kvar dag, gjerne produsert så nær oss som muleg.

Sjølvsagt nytta bonden og bondelagsleiaren tida til å gje politikaren ein solid dose informasjon både om jordbruket i Rindal og situasjonen sentralt i samband med jordbruksoppgjøret.

Ole Trygve Foseide, Rindal KrF, Martin Rise, Letthus, og Øyvind Håbrekke ved ei Letthus-vogn som skal leverast til Swix som smørebu.
Bonde Yngve Røøyen, bondelagsledar Lars Jakob Løset, KrF-listekandidat Øyvind Håbrekke og valgkampledar for Trøndelag KrF, Bente Tømmerdal i kufjøset til Lauvlia gard.
Powered by Labrador CMS