LESERINNLEGG:

Når grenser vert flytta
Tankar etter utviding av abortlova
KrF har eit stort engasjement for menneskeverdet, frå livet startar til ein naturleg død. Starten og slutten er spesielt sårbare fasar i eit menneskeliv.
Respekten for liv og menneskeverdet er også eit av dei grunnleggjande prinsippa i vår kulturarv. For KrF er det viktig at vi held fast på at alle menneskeliv er like verdifulle.
Fram til i desember 2024 var grensa for sjølvbestemt abort 12 veker. Dersom stortingsrepresentantane hadde følgd partiprogramma sine (H, Sp), hadde grensa framleis vore der. Da dei på avstemminga vart fristilte, vart det fleirtal for 18 veker.
Fri abort fram til mesta halvgått svangerskap er ei radikal utviding av lova. Dette kan svekka rettsvernet til livet i mors mage på ein dramatisk måte. Spørsmålet om abort eller ikkje, er sårbart. Vi har omsynet til kvinna, mor, som på eit tidspunkt kan vere i ein svært vanskeleg situasjon ( som ein ikkje ønskjer å hoppe lett over) – og til det ufødde barnet. Det vesle fosteret kan i alle fall ikkje tale si eiga sak, så ein må tåle at nokon står fram som ein forsvarsadvokat for den svakaste parten også.
Kombinasjonen av ny teknologi, enno meir målretta forstertestar og liberale abortlover, vil leggje eit kraftig press på kvinner som ber fram foster med større eller mindre funksjonsvariasjonar.
Abort av barn med t.d. Downs syndrom har auka raskt på kort tid. Da er det skremmande å høyre mange kvinner som står fram med historier om at dei er blitt møtt med press, spesielt frå helsevesenet, til å ta abort, pga funn i diagnose av det ufødde barnet.
«Har dei som støttar forslaget om abort til utgangen av veke 18, sett eit foster som er abortert så seint i svangerskapet?» spør gynekolog og professor Anne Eskild .
Rett før avstemminga i Stortinger før jul, sette organisasjonen Menneskeverd i gang ein kampanje som utløyste eit veldig engasjement. Oppropet vart ein kanal for å uttrykkje motstand og misnøye med det nye lovframlegget. På få dagar hadde dei samla 60.000 underskrifter. Oppropet representerte ein stor folkeleg motstand mot lovendringa som enda med å bli vedteken i Stortinget 3.desember. Men vi vil halde fram med å tale livets sak i nye debattar – som vi veit vil komme – t.d. om ytterlegare utviding av abortgrensa eller sjølvbestemt dødshjelp .
Vi ønskjer at Krf skal vere eit politisk parti bygd på det kristne menneskesynet; på nestekjærleik, likeverd og respekt, nedanfrå og opp.
I. M. Paulsen, Surnadal KrF