HÆSTlatter i Storstuå
Laurdag 21. oktober var storstuå fullsatt av eit forventningsfullt publikum, klare for å få trimma lattermusklane. HÆSTlatter er ein reprise av VÅRspræll som blei arrangert i mai i år.
Først på scena er Johan Øiestad med sin parodi av kong Harald, som får salen til å le frå første stund. Midt i sitt hurrarop blir han avbroten av Gøran Bolme, som skal kome med litt praktisk informasjon, blant anna ei svært alternativ rømningsplan ved brannalarm, som går ut på at publikum skal vente til bygget brenn ned, og dermed stille seg i alfabetisk rekkjefølgje.
Revyen vara i underkant av 3 timar, men tida flaug når nummera satt så godt som dei gjorde. Tove Sundli og Tove M. Schei kom og gjekk gjennom heile kvelden og det ble eit gledeleg gjensyn med både hektiske vikarer og Rusken og Brusken!
Laila Kvendset og Torill Talgø ga publikum ein grundig gjennomgang av kvinnekroppen sine forandringer, og Camilla Hyttebakk undra over kor man skal gjere av magen når man skal ha vekk julekiloane. Maren Larsen fekk også god respons på sin sketsj om å vere fotballsupporter kun over radio, kor det kan oppstå nokre misforståingar.
Vi fekk også ein song om skimuseet i Rindal og sketsjer om komplisert slektsforskning, rindaling på sydentur og en noko passiv aggressiv bryllaupstale.
Det blei forvirring rundt om det var den nye ordføraren i Surnadal som låg i kolonialkassa ved loddsalget til dei hektiske vikarane, eller om det var parfymen Hugo Boss. Steinfrid Jordhaug hadde kjøpt alle 9 lodda sjølv, men såg på seg sjølv som svært heldig som vann.
Etter pausen venta fortsatt mange gode innslag. Inge Kristiansen fekk publikum til å gapskratte fleire gonger som Joralf Bakstuveggen, vikarjuletreet og einaste gjenverande i Ytre Gåsøyan Musikklagforenings-«korp».
Det blei også årsmøte i moltplukkarlaget, hageidyll og nye gjester hos grevinnen og hovmesteren.
Takk til Kreativt Forum Surnadal for denne morosamme forestillinga. Den fullsatte salen var strålande nøgde med både nye og gode gamle innslag. Også takk til Johanne Holten på flygel og Frank Botten på lys og lyd. Vi gler oss til neste forestilling.