Kommuneoverlege Bjørn Buan

Påvist smitte hos ein tilsett ved Surnadal legesenter

Gode smittevernrutiner ser ut til å ha forhindra vidare smitte.

Publisert

Ein tilsett ved Surnadal legesenter har testa positivt for covid-19 etter ei reise utanfor kommunen. Gode smittevernrutiner ser ut til å ha forhindra vidare smitte.

Tiltak for å beskytte pasientane har vore tilfredsstillande. For sikkerheits skuld er eit fåtal pasientar følgt opp med testing i ettertid.

Legesenteret held ope med forsterka smittevernrutiner og ytterlegare testing. Det er venta overgang til normal beredskap i løpet av kommande veke.

Det skriv Surnadal kommune på sin Facebookside..

Powered by Labrador CMS